søndag 23. januar 2011

Sjuk, svak og dårleg bak

..er det dei seier, men eg i mitt tilfelle er ikkje spesielt dårleg bak. Men frå og med sist laurdag har eg ikkje akkurat vore i slaget. Var sengeliggande tisdag kveld til torsdag. Då kom eg meg på beina igjen, men er framleis ikkje heilt på topp. I morgon skal eg prøve å trene litt igjen.


Eg legg med eit bilete av den fine telefonen min som står på hylla heime, fordi eg saknar den sånn. Det var litt random, det eg gjerne ville sei var at; i går var det Oscar-night her på skulen og det var så BRA! Globale Village- og Film&Media-linjene som var arragørar hadde ordna skikkelege Oscar-prisar med tittel gravert, ein stor Oscar-forma lampestatuett på scena, lang raud løpar med paparatziar som tok bilete av oss, programleiarar som skifta antrekk x antall gongar for kvelden og par som las opp vinnaren og reiv opp konvolutten (ja, sjølvsagt med rivetråd). Det heile var kjempegjennomført og det var så utruleg mange gode filmar, eg klarte nesten ikkje velje.


Ta-da! Dette er meg i kjolen min. No sit du der sikkert å misunnar meg den enormt fine hjarte-veska mi som ser oransje ut på dette bilete, men tenk så enda mykje finare den er når den er raud. No blir du sikkert grøn. However, eg var ganske nøgd med outfit'en. Den vart enda betre enn planlagt når eg la til litt raudt i komposisjonen med raude negler og lepper. Eg fekk mange kommentarar på håret og det var litt artig, fordi eg sto på ferdigsminka på badet, men hadde ikkje rørt håret og klokka var ett minutt på gallamiddag i kantina, så eg nåla det desperat til sida og vippa luggen over i ei bølge og håpte på det beste når eg spraya det til før eg sprang ut døra. Eg elskar når alt berre fungerar.


~Mymlen

mandag 10. januar 2011

Fot og kjole

Eg skal starte med å klage over kor inkompetent system diverse sjukehus har. Kven har vel ikkje høyrt "me kontaktar deg i slutten av veka" eller "du vil få ein time tilsendt i posten om nokre dagar" eller nokre månadar! Eigentleg er eg ganske nøgd med dei eg har snakka med her i Stavanger, men det er snart ein månad sidan eg skulle få vite noko meir om ankel-inngrepet mitt. Det blir hvertfall ikkje før USA turen, då må dei tru om igjen.


Det er forresten lenge sidan eg har vist noko sjølvlaga, difor gjer eg det no. Denne kjolen laga eg før juleferien med den hensikt å bruke den på nyårsafta. "Skjelettet" er av partysateng i cobolt, som stivar kjolen opp medan stoffet utanpå er lett microsateng, også i cobolt. Langs kantane har eg sydd eit svart paljettband.


Då eg var i Danmark fant eg til mi store begeistring desse skoa som passa perfekt til kjolen. Happy and joy. Dei kosta meg 600 kroner av julepengane, alt for skjønnheten. Tydligvis. På den einaste butikken med klede som ikkje berre var passande for folk i alderen 60 ++ fant eg ein liknande jakke på juletilbud! Juletilbud..? Den var ny.


Mest synleg blir dette outfit'en til Oscar-night her på solborg. Har fått det for meg at det er lov med glitter og glam på Oscar.

~Mymlen

torsdag 6. januar 2011

Klar, ferdig, gå!

Gratulerar, Christine! Du har nettopp fullført årets første treningsøkt. Eg skal ha like god og kanskje enda betre rutine enn den fulgte i fjor. Det er mange andre ting eg skal bli betre til óg. Nokon syns at nyårsfølgjer er unyttig og at ein burde kunne betre noko når som helst på året og det er sant, men det gjer meg motivasjon. Nokon viskar ut alt som er på arka mine.


Dette er mine nyårsfølgjer:

- Skrive meir brev til mennesker eg likar

- Trene oftare, hardare og meir variert

- Ete litt sunnare og mindre søtt

- Gå oftare på besøk når eg er heime

- Bli flink til å teikne ned idéar til klede

- Skrive alle viktige avtalar i almanakken

- Blogge oftare eller helst kvar dag

- Ha med kamera og ta meir situasjonsbilete

- Sove meir, det vil sei; legge meg tidlegare

- Bli enda meir økonomisk enn det eg er

Ønsk meg lykke til!

~Mymlen

onsdag 5. januar 2011

Nytt og betre

Sjølv om eg stadig tenker at me har gått inn i 2012, så er me altså komen til 2011, eller tjue-elleve, men det nektar eg å sei. Godt nyttår til deg! Dette året skal bli så bra. Om knappe 43 dagar sit eg på eit fly med destinasjon: New York. Etter fem dagar i The Big Apple forflyttar eg meg vestover til varmare strøk; Los Angeles og San Francisco. Staseleg! Eg ser fram til raud løper på Oscar-night, Broadway-musikal og besøk på Alcatraz.


Denne reisa hjelper meg på andre tankar når hjarta mitt sukkar for at jula er over. Altså, eg klagar ikkje, for eg har hatt ei eventyr-jul i Ribe (Danmark), men det det heile går så fort og eg er litt dårleg til å utnytte tida. Eg får skrive det opp som nyårsforset.


Julepynten som møtte meg i døra då eg ankom Stavanger tirsdagskveld har eg pakka innst i skapet på internatet. Askepott-songen, den der ho nynnar, går om og om igjen i hovudet mitt, men snart vert den erstatta av Kaiserz Orchestra, sidan eg snart skal på konsert med verdas beste Maria og kjæraste henas Jon.


Eg, Maria og Jon Arne var på kino og såg Kongen av Bastøy før eg reiste. Den var ikkje særskild hyggeleg, men god var den. Flinke skodespelarar, blant anna Kristoffer Joner, som eg syns er utruleg dyktig. Det handlar om ein harpuner-gut som vert send til internatskule for ulydige gutar på Bastøy, ei øde øy midt i det blå. Der skal dei læra disiplin og verta søndagsskule-gutar, men det er ikkje alle som trivs med metodane. Sjå denne filmen!

~Mymlen

lørdag 4. desember 2010

Snø

Det første eg fekk høyre i dag då eg vakna av den irriterande vekkerklokka mi var; "DET ER SNØ UTE!". Camilla var oppe og hadde kikka ut glaset før eg fekk sukk for meg. Staseleg! Det har vore mellom -7 og -12 minusgrader i fleire veker, men ingen snø, så no er alle nøgde. Det er desember og livet er herleg!

onsdag 10. november 2010

Autumn leaves


Herr Hyldmo var grei og hadde lynkurs i foto, med eit A3-ark på veggen fungerte rommet vårt godt som foto-klasserom. Difor var eg og Camilla ute på tur her om dagen, det vil sei sundag, og tok haustbilete så me fekk tatt i bruk dei splitter nye kunskapane våre. Bileta frå dette innlegget er ein del av resultatet.


Ellers har eg vore på besøk hos søte Line i dag og oppdaga at det slettes ikkje er langt til universitetet i frå Solborg. Ho har vore blondine heile sitt liv, men i dag tok ho eit stort steg og vart brunette, nærare sagt sjokoladebrunt. Heilt vidunderleg fint! Eg vart litt flau då fann ut at håret hennar hadde vakse sikkert 10 centimeter sidan sist eg såg ho, og me bur i same by? Eg har eit haustforsett, det er å besøke Line meir. Ein god grunn til å halde dette er at eg får god kvelds. Me tok i bruk studentrekvisita frå kjøleskapet til dette:


1 Kyllingfilét per person
2 ss Creme fraiche
2 ss Pesto
1 Tomat i terningar
1 dl Kvitost

Dette er så lett at det ikkje treng noko froklaring, men eg gjer det likevel. Du steiker kyllingfilét i smør/olje på middels varme, deretter krydrar du den med det du likar best før du hell rundt ein vanleg kopp vatn på steikepanna, då vert det skikkelig saftig kjøt. Når noko av vatnet har fordampa på høg varme, tilset du alle dei andre ingrediensane. Du kan gjerne bruke fleire grønsaker og liknande. La det putre litt, dermed: bon apetit!


~Mymlen

mandag 8. november 2010

Se min kjole


Eit kjapt innlegg før eg finn senga. I dag vart eg ferdig med ein kjole som kosta meg fleire liter blod, svette og tårer. Oi, det var dramatisk. Det gjorde eigentleg ikkje det heilt fram til i dag. Den vanskelege delen var å sy på det grøne bandet nedst på kjolen, for det skrukka seg til overalt og det kunne ikkje takast av og syast på nytt. Men folk studerer nok ikkje dette bandet, det dei ikkje ser med blotte auge seier eg heller ingenting om. Trykk på bilete.

~Mymlen