søndag 23. januar 2011

Sjuk, svak og dårleg bak

..er det dei seier, men eg i mitt tilfelle er ikkje spesielt dårleg bak. Men frå og med sist laurdag har eg ikkje akkurat vore i slaget. Var sengeliggande tisdag kveld til torsdag. Då kom eg meg på beina igjen, men er framleis ikkje heilt på topp. I morgon skal eg prøve å trene litt igjen.


Eg legg med eit bilete av den fine telefonen min som står på hylla heime, fordi eg saknar den sånn. Det var litt random, det eg gjerne ville sei var at; i går var det Oscar-night her på skulen og det var så BRA! Globale Village- og Film&Media-linjene som var arragørar hadde ordna skikkelege Oscar-prisar med tittel gravert, ein stor Oscar-forma lampestatuett på scena, lang raud løpar med paparatziar som tok bilete av oss, programleiarar som skifta antrekk x antall gongar for kvelden og par som las opp vinnaren og reiv opp konvolutten (ja, sjølvsagt med rivetråd). Det heile var kjempegjennomført og det var så utruleg mange gode filmar, eg klarte nesten ikkje velje.


Ta-da! Dette er meg i kjolen min. No sit du der sikkert å misunnar meg den enormt fine hjarte-veska mi som ser oransje ut på dette bilete, men tenk så enda mykje finare den er når den er raud. No blir du sikkert grøn. However, eg var ganske nøgd med outfit'en. Den vart enda betre enn planlagt når eg la til litt raudt i komposisjonen med raude negler og lepper. Eg fekk mange kommentarar på håret og det var litt artig, fordi eg sto på ferdigsminka på badet, men hadde ikkje rørt håret og klokka var ett minutt på gallamiddag i kantina, så eg nåla det desperat til sida og vippa luggen over i ei bølge og håpte på det beste når eg spraya det til før eg sprang ut døra. Eg elskar når alt berre fungerar.


~Mymlen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar