mandag 19. april 2010

Borte bra - nesten best

Eg må innrømme at eg er veldig heimekjær, det vil sei at eg likar godt å våkne opp i mi eigen seng, men dette er eit avvik frå statistikken. Hadde eg kunna, hadde eg tatt gjestesenga til Tor Egil med meg heim, den var fantastisk å våkne opp i. Litt redusert. Eg hadde ein fabelaktig tur på livet i Bergen by saman med to gode veninner på fredag. Laurdagen koste eg meg med broderen, hans kjereste og mi namnesyster, Kristine og mammo.
Eg runda Lagunen tre gongar før eg vendte heim med forholdsvis letter posar.


Ei bukse blei det, ein basic topp i pudder og sist men ikkje minst, LILLE MY GENSEREN, som eg elskar av heile mitt hjarte. Eg har heilt frå eg var liten blitt samanlikna med denne frøkenen, så det kunne ikkje passa betre. Eg må forresten tilføye at eg fant godsaken på barneavdelinga på Lindex. Det lønnar seg å vera kort i beina ein sjeldan gong.


Eg brukte 700 kroner på The Body Shop når eg først var i gong.


Eit par nye solbriller, som eg til ein foradring hadde bruk for.


Og eit par wannabe-nerd briller som eg likar så godt. Men det spørs om eg tør gå med dei, er det ikkje litt teit å gå med briller når ein ikkje eigentleg brukar det? Jaja, alle andre gjer det jo. Eg er forresten svært nøgde med leiligheten til bror, den er stilig og heimekoselig. Sukk, glede meg sånn til eg og har ein heim å pynte på dagen lang, i mellomtida får eg nyte synet av andre sine.


torsdag 15. april 2010

Nostalgi

Ein dag kom mamma heim med eit nett fult av gamle ting. Då me sat i sofaen å rota i bestemor sine gamle memoarar og postkort frå oldtida fann eg konfirmasjonsbiblane til mamma og pappa.


Dette er pappa sin, den kunne egna seg bra som rekvisita i ein nostalgisk heim, men det har ikkje eg nett endo. Eg planlegger å gje den tilbake til eigaren, men eg planlegger også å sniklåna den. Opp på bibelen ligg det eit gammalt smykke som tilhøyrte Serine, mi oldemor. Det kan opnast og har plass til eit lite bilete. Lurer på kva for sjarmørar ho har hatt der inni før oldefar.


Dette elskverdige bilete har eg fått av tante Sonja, dersom eg ikkje huskar heilt feil. Eg fekk det fordi jenta på bilete liknar litt på ein fem år gammal meg. Dessutan, kan eg jo ikkje motså dyr. Eg likar dette bilete betre og betre etter som åra går, det har affeksjonsverdi for meg.


Eg skulle eigentleg ha øvd på ein matteprøve eg skal ha i morgon, men i stadenfor bakte eg grove rundstykker. Etter middag hadde eg meg eit varmt rundstykke med blåbær syltetøy og eit glas med melk, laktosefri sjølvsagt. Nydeleg! Gjett om eg skal ha det til niste på skulen i morgon.

tirsdag 13. april 2010

Ønsketanke

Enten, skulle ønska at eg ikkje likte klær elles skulle eg ønska at eg hadde mange millionar kroner, då kunne eg ha kjøpt ti nye plagg uten at det hadde gjort noko. Eg er heilt sjuk etter å fornye vårgarderoben min, det kan du sjå nedanfor. Heldigvis, skal eg til broderen i Bergen til helga som kjem. Ein ny bukse eller to? Ja, takk. Dette er eit lite utval av vårnyhetene eg ønsker meg frå HM.

Knallsøte solbriler!

Eg har fått sansen for blomemønster i det siste.

Eg ser meg sjølv i denne blå og kvit stripa sommarkjolen i Tyrkia.

Lett, kvit kjole er óg svært Tyrkia-aktuelt.

Sjølv om eg ikkje passar korte shortsar; denne var KUL!

Veldig..mønstrete, kan vel roast ned med ein einsfarga topp.

Verdens søtaste topp, eg MÅ ha denne om eg finn den i Bergen.

Eg ville eigentleg ha ei med kirsebær på, men denne var rå óg.

Eg har ein liknande, men den har blå striper.

søndag 11. april 2010

Kjekke ord byrjar på B


I dag har eg vore på Besøk hos Besto på Fitjar, og etterpå var eg på gravo te Bestemor og Bestefar i Færøysundet med Blomar.


Som du ser har eg pynta så koselig med Stemorsblomar og hjarte. Konkylien som ligg der plasserte eg der då eg var liten, det var den kjæraste gjenstanden eg hadde og den skulle bestemor ha.


Hjartet var den mammo som fant då me tura innom Plantasjen (som eg forresten ikkje visste at hadde søndagsopent før i dag). Sjå, kor fint det er! Ingen tvil i mi sjel om at dette måtte me faktisk berre kjøpe til besto og besten.


Me hadde heldigvis fire stemorsblomar til overs, då måtte eg sjølvsagt plante dei på Bestefar på Skumsnes si grav, som er næraste nabograv. No er begge gravene vårfriske. Det låg eit fint skjel på grava hans, kanskje nokon har blitt inspirerte av meg?

torsdag 8. april 2010

Staselege stunder

I dag har eg hatt ein riktig så bra dag! Eg har levert inn norsk skriftleg særemne, nynorsk sjølvsagt, som tar for seg Mummitrollet og Tove Jansson sine fantastiske historiar, ein utopi om det perfekte familieliv, og ikkje minst dei heilt herlege karakterane som bur i Mummidalen. Eg ser kor ho hentar inspirasjonen i frå, ho ser jo nærast ut som ein av innbyggjarane sjølv. Særemnet mitt kom på 13 sider utanom framside, innhaldsliste og kjeldeliste. Lærar Loff hadde eigentleg sett 10 sider som grense, pluss - minus. Men det får bere vera.


Det var ein ting, den andre tunge børa som har pressa meg langt ned i støvlettane, er årsoppgåva i gym, ei eigentreningsoppgåve som endte opp på 15 sider. No er den innlevert, livet er herleg. No kjem det beste av alt: eg fekk nemleg 6'ar på biologiprosjektet mitt og sidan eg fekk 6'ar på sist prøve kan det jo vera ein mulighet for at eg får dette vakre snirklete tallet på vitnemålet mitt. Det hadde vore noko.

Sidan det er fykteleg seint no (å, guri! seint?)
så får eg heller sei: Ha ein strålande dag i morgon!

søndag 4. april 2010

Header

No, etter timar med iherdig jobbing og pirk, er headeren min ferdig! Eg vert så lett påvirka av årstider samt eg likar alle like godt, difor har eg latt meg inspirere av Arthur Rubinstein sitt utsagn som står skreven under bilete. Eit bilete for kvar årstid.

Vinterbilete: tatt då eg og Joar var på romantisk skittur på Ustaoset påsken 2009 (med møsete og misnøgde meg som hadde heise bakglatte ski, sa eg romantisk? eg prøvde, hihi).

Vårbilete: eit alelamb eg døypte til Ullfrid, eg traff på ho på veg ned til sjøen på Vestbøstad. Ho var lite villig til å posera.

Sumarbilete: Roser som klamrar seg fast i ein husvegg i gamle Fredrikstad sumaren 2009. Veldig romantisk by.

Haustbilete: Eg leikte meg med kameraet mitt og dei fine haustfargane hausten 2008 utanfor Fitjar vidaregåande.

lørdag 3. april 2010

Sommer kommer

..nesten. Temperaturen aukar og sola skin hvertfall. Eg og Joar gjekk ein long tur i finavêret. Eg prøvde å smitta joggedilla øve på han, men det fungerte dårleg. Naso vendte inn i Landåsen, forresten så pausa me litt på ein kjærastebenk óg, då såg me sikkert søte ut for alle andre turgåarar. Då tenkte me at me ville sitta på kjærastebenkar å sjå søte ut heilt til me blir rosin-gamle.


Eg blir i sånn eit strålande humør av sånt vêr. Noko som er bra, for eg trur eg har vore litt "villkatt" som mammo seie, for tida. Plutseleg ser eg veldig lyst på både skule og trening. Ja, til og med billappen. Den har eg ikkje begynt på ein gong medan alle andre fresar rundt i studentbilane sine. Utrulig kjedelig å sykla forbi dei på Merida'en min. Men berre eg får sett meg bak rattet med pappen nokre timar til, så gjenstår det berre å få køyretimar. Det endar vel opp med at eg må ta lappen i Stavanger. Hjelp.


Forresten, så må eg få denne sykkelen til bursdagen min, eller så døyr eg. Faktisk. Den må sjølvsagt ha stråkorg sånn at eg kan sykle rundt med kjekke ting oppi den og den skal ha ei fabelaktig ringeklokke. Den kan vera vaniljekvit eller lyseblå óg, det går bra. Då skal eg ha den med meg til Solborg, og når det er varmt i vêret skal eg sykle ned til Stavanger City for å kjøpa meg is, eller ein liten tur bort til Hundvåg for å besøka tuppelurene mine. Då kan eg gøyme ting som smakar godt i korga, for det likar nemleg sånne små tuppelurer har eg høyrt.

Den finaste Linnea vår ser noko ho ikkje har sett før.

Daniel og Tante Tull likar best å tøyse, fordi det er så morosamt!