torsdag 22. juli 2010

Pa pa l' americano!

Eg elskar denne songen!

onsdag 21. juli 2010

Blogg for resten av veka

Hei sveis. I går skjedde det noko keisamt då eg skulle kasta meg framover frå ein stol for å nå noko. Som nokre av dåke veit, satte eg skuldera mi ut av ledd då eg spelte basket i haust og det minnes eg med gru. Eg håpte at eg alder kom til å kjenne den følelsen igjen, men i går beit eg i det sure eple. Skuldera poppa lett som berre det ut av ledd og nok ein gong må eg gå med armen i fatle. Altså, den poppa tilbake av seg sjølv eit par sekund etterpå heldigvis, så eg slapp å sovne i ei sjukeseng i morfinrus.


Dette er eit bilete frå haust, men fatle er med meg no og, men ikkje heile tida sidan det ikkje var ute av ledd så lenge som sist. Det som er så fryktelig ergerlig er at no er leddkapselen øydelagd på nytt, eg kjenner enda betre at det ligg ei nerve i klem i ny og ne, samt senane må vel stramast dersom det skjer ein eller maks to gonger til. Og eg vil ikkje ha fleire opreasjonar enn naudsynt. No er det supergod tid til å blogge i alle fall.



Eg må forresten vise deg kva eg kjøpte meg her om dagen; ein skjortekjole (Only), superfint belte (Only), trøyevest, stort perlekjede og finfine pumps (Økonomisko). Skjorta skal eg ha på meg på Muse-konserten som er PÅ FREDAG! Sist konsert tok eg tog heim frå Oslo og blei dausjuke med det legane trur er svineinfluensa. Håpar på betre lykke denne gongen utan sjukdom og ikkje for dårleg skulder (må jo kunne digge).




Eit anna tidsfordriv eg har no medan eg er handicap er å sjå gjennom bilete og kikke på alle tingene eg fekk for ein billig penge i Tyrkia. Til dømes eit kryddersett (til og med safran!) med alle mogelege krydder, pluss ei krydderkvern. Boka på bilete er ein presang, eg kan ikkje sei kven til. Då me ankom hotellet fekk me eit blått band på handledde for at dei skulle sjå at me allereie budde der kvar gong me gjekk inn i resepejsonen. Ein dag eg var på stranda hadde eg med meg ei lita krukke med sand heim på rommet. Typisk meg.



Herligheten ovanfor fant eg på det svære IKEA-liknande supermaredet i Alanya - METRO. Eg betalte 40 kroner for det, noko eg syns er billeg. I alle fall samanlikna med kva det gjer tilbake. Mmmm. Der kjøpte eg og små hjarteforma steikeformer, slik at ein kan lage små hjartepaiar eller muffins eller liknande. Kjempesøte! Då eg støytte på ein stor pakke med sjokolade skeier til å røre i til dømes kakao eller liknande, måtte eg sjølvsagt kjøpe dei og. Halvparten lys sjokolade og halvparten mørk. Akk ja.




Eg klarte jo ikkje dy meg. Dersom du har lest tidlegare innlegg så la eg handa på hjarte for at eg ikkje skulle kjøpe klede og sko i Tyrkia. He - he - he. Dummaste eg har høyrt. Eg kjøpte sjølvsagt litt klede og eit par med sko, samt ein kjempesøt solhatt. Ei veske fekk eg drege med meg heim, den kvite kjøpte eg då eg var i Tallin. I Tallin kjøpte eg og ein parfyme eg likar skikkelig godt. Nina Ricci, som ser ut som eit lite rosa eple. Litt søt, men likevel frisk lukt av citrus, eple og vanilje, heilt herleg.




På METRO gjorde mange gode og billige kjøp. Dersom eg ikkje er diva i den henrivande morgonkåpa eg kjøpte der, nei, då veit ikkje eg. Leopard-mønstra som ho er. Seinast i dag sat eg å koste meg i morgon/badekåpa mi etter ein lang dusj, der sat eg i sofaen å spelte det nye Sims 3 World Adventures spelet som eg også kjøpte på METRO, snakk om sola. Mens eg eigentleg var på jakt etter mellomleggspapir, så fant eg med óg ein bikini. Og den er, hald deg fast, ferskenrosa. Eg er ikkje begeistra for den fargen. eigentleg. Men etter at eg kjøpte meg den bikinien har eg faktisk fått litt sansen. Den er litt Pink James Bond'ish.




No kjenner eg det at skuldera mi verken ein del og Joar kom i tillegg nett heim frå jobb. Eg må finne på noko digg å eta til middag. Har du forslag kanskje? Helst noko med lite karbohydratar. Helst. Men aller helst har eg berre lyst å gå ut å eta kinamat eller kebab eller noko anna usunn mat. Fakerten óg.

~Mymlen

tirsdag 20. juli 2010

Aust-europeisk spa-nytelse

Då eg kom heim frå Alanya hadde mammo óg ferie, kjekt å sjå ho igjen sidan eg nesten ikkje huskar korleis ho såg ut etter alle månadane med jobb. Neida.. Men både eg og ho syns at me trong ein ferie i lag. Og me skulle feriera på skikkelig mor-datter-vis og reisa på spa-ferie til Tallin! Ved ein feil bestilte mamma overnatting på Pirita Top Spa Hotell, men det viste seg at der var det kanonfint. Her skulle me eigentleg bu, men der blei det.




Hotellet var fint og reint og etter lappen på skrivepulten på rommet vårt å dømme, hadde me ei trufast vaskedame inne hos oss kvar dag; Tatiana. På flyet sat me ved sida av ein masete mann, men me fekk fiska litt informasjon om dei beste shoppingstadene og attraksjonane. Heile den første dagen brukte me på hotellet si spa-avdeling og litt ute på stranda, samt inne i bassenget. Det var litt av eit opplegg.




Eg valgte fransk manikyr, mamma fekk vanleg rosa manikyr, medan begge tok deep cleansing face-treatment with herbs and oil. Det var ei behageleg behandling heilt til ho tok fram eit lite instrument som likna på ei sprøyte. Den blei trykt mot huden, dermed sugde instrumentet ut porer. Fyyfakerten, det var vondt. Kvar gong kjendes ut som ei lang tjukk nål som blei stukken i huden, men jammen var alle porene vekk etterpå.


Estlendingar er ikkje eit veldig hyggeleg folk, for meg verka det som om alle hata jobben sin og at dei helst hadde sett at me vende nasa heimover istaden for å feriera i deira land. Men klart det fantes unntak. Dama som gav meg ansiktsbehandling meinte det at huden min ikkje var særskild urein og ville difor gje meg gratis vippefarge, jippi! Det var ubehageleg, eg var så redd for å få farge på augo (har lese skrekkhistoriar), men det gjekk bra og ovanfor ser du resultatet. Det var vanskeleg å ta bilete av sine eigne vipper, eg syns det blei enda betre på skikkelig.





Til sist hadde me Full body mud-treatment with algs, men den skulle me ikkje ha før seinare på kvelden. I mellomtida la me oss på kvar sitt handklede på strand-bakken. Det var så varmt at eg måtte ut i sjøen fleire gonger og vatnflaska var med. Eg koste meg med Salme ved reisens slutt for å gløyme sola, den boka anbefalar eg til alle som er interessert i historia om Titanic. Eg såg det liksom ikkje heilt for meg før varmebølga slo mot meg på flyplassen, men det var faktisk nærare 40 grader i Tallin, forresten; me hadde faktisk ikkje kjøleanlegg på rommet. På badet var det så varmt at me måtte gå på do med døra open.





Etter mud-behandlinga var eg fylt til randen med ny energi. Skulle tru det var sovemedisin som trakk inn i huden min der eg låg heilt naken (berre ein liten papir-tanga), innsmurt i gjørme, pakka inn i plastfolie og toppa med varme handklede. Eg duppa ikkje berre av, eg må ha sunke til botten altså..eg sov så godt. Me dilla oss litt før me tok ein taxi til gamle Tallin by, der fant me ein fin liten resturang: Kalle Kusca. Eg åt villsvin, mamma åt elg. Dette måltidt var mest synleg det beste, sidan verken eg eller mamma var særleg begeistra over estisk mat. Det var merkelege søt-smakar i alle måltid, litt sirup- og ingefær-aktig. Dessertane var til gjengjeld veldig gode (og søte).






Det var mange fine bygningar, krokete gater og pastell-farga små hus i gamle byen, der likte eg meg skikkelig godt! Tok mange fine bilete, men legg berre ut nokre smakebitar. Det var eit vindauga eg fekk auge på som eg likte så godt, sikkert ein leilighet. Eg tenkte at det er ein sånn leilighet eg skal ende opp i som student, med store vindauga og ein liten blom utanfor og eg skal ha utsikt ut over like mange tårn og spir som denne. Eg fekk også auge på ein sykkel eg fekk lyst å bretta saman å legge i veska mi.





Eg hadde eigentleg på meg eit par blå pumps med høge hælar den dagen, men eg tenkte på sikt og hadde med sandalar i tilfelle krise. Og det blei det, dei råstilige pumps'ane er skikkelig dårleg tilpassa min fot altså. Me gjekk av den grunn heim ganske tidleg, men det passa bra sidan me planla å oppleve meir av byen dagen derpå. Første post var botanisk hage, deretter Tallin Zoo og shopping på Viru Keskus (shoppingsenter) til slutt.





Me tok beina fatt ut til den botaniske hagen, på vegen traff me ein liten sommarfugl. Det viste seg at avstandane på kartet var litt lengre i praksis. Då me hadde gått i ein time i steikande sol relativt tidleg på morgonen var me så tørste at me kunne ha..nei, eg veit ikkje. Sjølvsagt var ikkje hagen opna, men det var berre fem minuttar til klokka var der. Dama i kassa tok seg ikkje bryet med å gje oss eit glas vatn frå dispensaren rett bak seg eller opna parken slik at me kunne gå i caféen, ho opna ikkje før akkurat på minuttet. Treet ovanfor er treet du kan takke for at sjokolade er til, nemleg kakaobønne-tre.




Som du ser, så var det ikkje eigentleg plantane som tok min oppmerksomhet, denne hagen var ikkje det heilt store for mamma heller. Me kjøpte fem flasker vatn og heiv oss i ein taxi på veg til andre sida av byen, der låg Tallin Zoo. Opplevinga me hadde der var ikkje heilt kjekk den heller. Eg, som elskar dyr så inderleg, syns ikkje det var kjekt å sjå alle dyra som ikkje hadde det godt nok. Mange var skabbete, nokre var skada og andre hadde væskande eller uttørka sår. Nokre såg godt ut men hadde alt for liten plass.




Dyrehagen var bygd i 1939, altså før krigen, og var ikkje rennovert sidan den gong. Dyra gjekk i relativt små betongbåsar med gitter, også dyr med hovar som helst skal ha mjukt underlag. Båsane lukta skikkelig dårleg. Då me var der var det kanskje over 40 grader og me kunne tydeleg sjå at mange av dyra hadde det drepande varmt under all pelsen. Eg skal legge ut dei finaste bileta eg knipsa, for dei andre er ikkje noko kjekke å sjå på.



Du ser, me måtte jo vera litt turistar når me først var i gong. Mine favorittdyr som eg gjerne ville sjå var: elefant, løve, leopard, panda, kenguru, isbjørn og kuala. Dei hadde elefantar, løve, leopard, kenguru og isbjørn, men ikkje panda og kuala. Det som var så dumt var at elefantane var så varme og haldt seg innandørs, leoparden óg. Isbjørnen peste seg fram og tilbake under tjukk pels og kenguruane fekk eg zooma godt inn på.




Det siste me var innom før me forlot denne miserable dyrehagen var reptil- og amfibie-huset. Eg har alder vore noko stor fan av kryp, men noko av det var ikkje dumt å få med seg. Eg prøvde sikkert å ta eit bra fiske-bilete i 15 minutt, men eg er nok ikkje ein dreven fiske-fotograf (dei sto jo ikkje litt i ro heller). Eg endte opp med to gode bilete, ein klovnefisk og ein sånn blå, akkurat som i Nemo. Merk deg denne blide herremannen nedst. Det står "FUCK OFF" /m påklistra smil i trynet hans. Typisk estisk.




Me var ganske slitne etter dyrehagen, difor kapra me ein taxi tilbake til Viru Keskus for å gjere unna litt power-shopping før me skulle heim å dilla oss før middag. Ut i frå alle dei slanke, strame og fjollete manne- og damekroppane som spankulerte rundt i byen å dømma, forundra det meg ikkje at senteret besto av 80% merkebutikkar og ein haug av unge frøkner på shoppingtur med veskehunden sin. Trykk på bilete nedanfor for å få stor versjon. Mamma sitt på høgre seng + sølvkjedet utan anheng og mitt til venstre.



Me fekk tid til å symja litt i bassenget før me gjorde oss klare. Eg fekk lov å sminka mammo, det er sånt me ikkje tar oss så ofte tid til, det var artig! Me bestemte oss for å prøva ut resturangen på hotellet denne kvelden tross dagens maraton og det var ikkje dumt, sidan det var oppholdets finaste solnedgong denne kvelden.





Til tross for flott oppsett og all slags dikkedarier smakte det nesten berre ingefær og sirup av maten min (middag nummer 2). Eg veit ikkje om det var akkurat det det smakte, men søtt var det i alle fall. Mamma var heller ikkje kjempebegeistra. Desserten der i mot var heilt fabelaktig! Eg hadde sjokoladefonant med mandarin og appelsin-is. NAM. Me la oss mette og nøgde og våkna dagen etterpå til litt mildare vêr enn dei andre dagane og det var godt. Me gjekk ein lang tur for å ta bilete av alle monument. Flaks for meg at batteriet blei tomt då eg knipsa siste bilete, som om det var planlagt.



Ein fyr på flyet fortalde om eit stort monument langs motorvegen og ingen visste kva det var for, det meinte han var Latvia sin gave til Estland for bygging av motorveg eller noko i den dur. Me trudde i lengre tid at det var dette store monumentet, men det viste seg at det var ein heder til alle soldatar som kjempa for Sovjet under andre verdskrig (ikkje det at eg trur estlendarane set særskild pris på dette monumentet).





Neste på lista var det monumentet eg likte best, til tross for at eg ikkje er særleg begeistra for statuar og sånne dillegreier. Det var ein eller annan helgen som sto på eit skjær og det var eit minnesmonument for alle som gjekk ned med eit skip ein gong på 1800-talet. Kva for eit skip veit eg ikkje sidan eg ikkje kan estisk, men eit fint minnesmerke var det.




Så var jenteturen slutt for denne gong. Eg storkoste meg og håpar på at dette er noko me kan gjera igjen, kansje me kan dra med oss ei tante eller svigersøster også? Men dersom det skal bli Tallin igjen, må me ha eit meir sentralt hotell, med mindre taxi-sjåførane har trappa ned nokre tiår og er like veltrente som mannfolka på stranda.

~Mymlen