
Denne reisa hjelper meg på andre tankar når hjarta mitt sukkar for at jula er over. Altså, eg klagar ikkje, for eg har hatt ei eventyr-jul i Ribe (Danmark), men det det heile går så fort og eg er litt dårleg til å utnytte tida. Eg får skrive det opp som nyårsforset.
Julepynten som møtte meg i døra då eg ankom Stavanger tirsdagskveld har eg pakka innst i skapet på internatet. Askepott-songen, den der ho nynnar, går om og om igjen i hovudet mitt, men snart vert den erstatta av Kaiserz Orchestra, sidan eg snart skal på konsert med verdas beste Maria og kjæraste henas Jon.

Eg, Maria og Jon Arne var på kino og såg Kongen av Bastøy før eg reiste. Den var ikkje særskild hyggeleg, men god var den. Flinke skodespelarar, blant anna Kristoffer Joner, som eg syns er utruleg dyktig. Det handlar om ein harpuner-gut som vert send til internatskule for ulydige gutar på Bastøy, ei øde øy midt i det blå. Der skal dei læra disiplin og verta søndagsskule-gutar, men det er ikkje alle som trivs med metodane. Sjå denne filmen!
~Mymlen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar