onsdag 2. juni 2010

Ånei, Christine..

..no må du spara til Tyrkia. Kvifor klarar eg ikkje å spara? Eg har bestemt meg for å ikkje kjøpa eit einaste klesplagg i Tyrkia med mindre det kostar under femtilappen, dersom det skjer er kvoten maks to plagg. Helst berre eit. I dag var eg med Line-goingen.
Me såg på kler, desverre.



Dongeri-kjolen var heilt awesome på, eg hadde aldri trudd at eg skulle finne ein lav kjole som passar meg, men jo. Den andre var kjempesøt, ser for meg at det er ein slik kjole bestemor kunne gått med då ho var 19 år ein sumarsdag. Ikkje veit eg, litt dristig.



Eg lurte meg til å kjøpe ei skinnveske, hårbøyle og lyseblå tights med blomemønster på salg, under hundrelappen! Elska da. Kvitt blondeskjørt høyrer sumaren med, det gjer også gladiatorsandalar med naglar og fletteband, sjølvsagt.
Heilt naudsynt. Fader og..