lørdag 4. desember 2010

Snø

Det første eg fekk høyre i dag då eg vakna av den irriterande vekkerklokka mi var; "DET ER SNØ UTE!". Camilla var oppe og hadde kikka ut glaset før eg fekk sukk for meg. Staseleg! Det har vore mellom -7 og -12 minusgrader i fleire veker, men ingen snø, så no er alle nøgde. Det er desember og livet er herleg!

onsdag 10. november 2010

Autumn leaves


Herr Hyldmo var grei og hadde lynkurs i foto, med eit A3-ark på veggen fungerte rommet vårt godt som foto-klasserom. Difor var eg og Camilla ute på tur her om dagen, det vil sei sundag, og tok haustbilete så me fekk tatt i bruk dei splitter nye kunskapane våre. Bileta frå dette innlegget er ein del av resultatet.


Ellers har eg vore på besøk hos søte Line i dag og oppdaga at det slettes ikkje er langt til universitetet i frå Solborg. Ho har vore blondine heile sitt liv, men i dag tok ho eit stort steg og vart brunette, nærare sagt sjokoladebrunt. Heilt vidunderleg fint! Eg vart litt flau då fann ut at håret hennar hadde vakse sikkert 10 centimeter sidan sist eg såg ho, og me bur i same by? Eg har eit haustforsett, det er å besøke Line meir. Ein god grunn til å halde dette er at eg får god kvelds. Me tok i bruk studentrekvisita frå kjøleskapet til dette:


1 Kyllingfilét per person
2 ss Creme fraiche
2 ss Pesto
1 Tomat i terningar
1 dl Kvitost

Dette er så lett at det ikkje treng noko froklaring, men eg gjer det likevel. Du steiker kyllingfilét i smør/olje på middels varme, deretter krydrar du den med det du likar best før du hell rundt ein vanleg kopp vatn på steikepanna, då vert det skikkelig saftig kjøt. Når noko av vatnet har fordampa på høg varme, tilset du alle dei andre ingrediensane. Du kan gjerne bruke fleire grønsaker og liknande. La det putre litt, dermed: bon apetit!


~Mymlen

mandag 8. november 2010

Se min kjole


Eit kjapt innlegg før eg finn senga. I dag vart eg ferdig med ein kjole som kosta meg fleire liter blod, svette og tårer. Oi, det var dramatisk. Det gjorde eigentleg ikkje det heilt fram til i dag. Den vanskelege delen var å sy på det grøne bandet nedst på kjolen, for det skrukka seg til overalt og det kunne ikkje takast av og syast på nytt. Men folk studerer nok ikkje dette bandet, det dei ikkje ser med blotte auge seier eg heller ingenting om. Trykk på bilete.

~Mymlen

fredag 5. november 2010

O, jul med di..oi, nei

I går kveld, då eg hadde vore på Film og Media sin elevkveld (med, sjokkerandes nok, mange filmar), var eg så trøytt i at eg ikkje orka å opne pc'en. Eg strikka litt med Ruth Sofie og Susanna på den ANDRE armen til Marius'en min. Mitt mål: å bli ferdig over helga.


Eg må berre seie: ganske teit å ha prikkete bakgrunn, men eg føretrekk ikkje støvete golv. Apropo helga, så gledar eg meg stort av den enkle grunn at Magnus kjem for å besøke meg (!) og i grunn alle dei andre her på Solborg og Stavanger. Det fine er at han har bil og eg skal ein tur på sjukehuset på måndag med foten min. Hurra for at han kan kjøre meg!


Dersom eg har gløymt å nemne det (nei, det har eg ikkje), så gledar eg meg utruleg mykje til jul!! Delvis fordi eg skal til Ribe som ligg i Danmark. Der bur mine tanter og onkel og kusiner og fettrar og greier og greier. Eg gledar meg til adventstida her på Solborg med lystenning på morgonsamling, julekalender på TV, til å lesa julebladet mitt som eg kjøpte allereie i oktober for å roa julenervene og forhindra for tidleg julestemning, samt masse adventskos i klassen. Også gledar eg meg jo til kjempetidleg julferie og då.. 17 desember.

~Mymlen

tirsdag 2. november 2010

Ønsker

Vips, så kan eg snu kalenderen til den sida det står November på, og med eitt kan ein plutseleg ta seg sjølv i å nynne Glade jul, snike i Juleidéer på butikken eller dagdrøyme om pinnakjøt.


Snart kan eg realisere alle mine planar om heimalaga julekort og presangar, då hadde det vore fint å hatt denne boka! Eg får lov å kike i Linda-lærar si av og til. Det er så mange søte idéar. Den kan kjøpast hos Panduro-forhandlarar for 249 kroner.

~Mymlen

søndag 31. oktober 2010

Halloween eller Hallo venn

God allehegensaften! No skal eg endeleg vise den Sally-kjolen med meg inni den. Eg vart så nøgd med den, sjølv om fargane og mønsteret ikkje er perfekt, så er det nokolunde i same gate.


Hurra, der er det! Som du ser er Joar Jack Skellington, som er hovudkarakteren i The Nightmare Before Christmas. Sløyfa sydde eg i hui og hast på sysalen. Sally er stormfull forelska i han og vil så gjerne at han skal halde seg unna bråk. Den siste scena i filmen er min favoritt. Dersom du ikkje har sett filmen; skund deg, det er framleis Halloween i lufta, om nokre dagar må du vente heilt til jul. Det er nemleg ein halloween- eller julefilm.


Dei lange augnevippene vart eg kjempeforelska i. Tenk å ha sånne når ein treng ekstra kroner til den gode kinoen du vil sjå. Men på den andre sida så var dei var utruleg plagsamme når eg var ute i vinden. Eg fekk tredjeplassen for "Best Kostyme" og vart kjempeglad for det! Eg har prisen i vindauga, som er ei fargeglad lekevifte som du gjerne ser i barnehender på syttande mai. Primitivt kanskje, men litt artig likevel.

~Mymlen

torsdag 28. oktober 2010

Etiopia og effektivitet

No kjem eg rett frå haustens lengste dusj (1 time), håpar det er meir vatn igjen på internatet. Og om nokon frå nye Nordborg les dette; eg dusjar ikkje alltid så lenge. I kveld var det elevkveld, denne gongen var det Globale Village (Foto, Connection og United) som entra scena. Og det med mange flotte bilete, filmar, dansar, sketsjar og rørande historiar frå den afrikanske kvardagen. Eg håpte på å få sjå Joar på scena, men han likar seg best med tekniske duppedittar. Han var lys- og lydmann og gjorde ein god jobb!



Det er óg dagen for effektivitet her i garden. På sysalen lappa eg saman ein finfin vest i creme chenille som for og blondar utanpå. Langs kantane har eg sydd på ein dekorkant i staden for skråband (synd den ikkje visar betre), denne kanten er laga utifrå ein supergammal teknikk. Det er ein sånn kant du mogelegvis kan finne igjen på oldemor di sin søndagskjole. Buksa har eg ikkje sydd frå botnen, men fiksa litt på. Det var ei vid bukse med sleng, det eg gjorde var å sy ho inn og opp, samt rynke beina litt nedst.


Etter middag var eg nede i byen med Susanna og brukte opp iallefall halvparten av pengane mine på ein raud parykk, superlange augnevipper og ein boks blå kroppsmaling. Eg er veldig begeistra over at eg fekk deiga meg ned til sentrum å skaffe desse rekvisitane, eg har ein forkjærleik for utsettjing. No ventar eg i grunn på at nabo-Daniel skal sende meg bilete han tok av kjolen min, for den ventar mange på å få sjå.

~Mymlen

onsdag 27. oktober 2010

Fine ting på K

Kjole&Kake. Det er omlag ein knapp time sidan eg kom frå sysalen, eg har vore der i heile dag! I ni tida fekk eg selskap av resten av gjengen på KMD, dei kom med kake. Til meg berre for at dei syns at eg er så kul.. Neida, det var planlagt på fellesen.


På fredag er det Halloween-party her på skulen. Då skal me vera skumle og merkelege. Har du sett The Nightmare Before Christmas? Eller Eit førjulsmareritt som den heiter på norsk. Det er ein kombinert jule- og halloween-film og den er kjempekoseleg (ehe, om den kan kallast det). Eg elskar musikken og Tim Burton sine finurlege karakterar. Eg skal kle meg ut som Sally, som er forelska i Jack Skellington. Ho er ei slags filledukke med lappekjolen som eg har brukt heile gårkveld og dagen i dag på å lage. Det tek faktisk tid å få ting til å sjå tilfeldig samansydd ut! Eg trur resultatet vart skikkeleg bra, så lenge eg får tak i raudt langt hår, falske augnevipper, ein kurv og blå kropssmaling. Eg må forresten understreke at kjolen er 100% miljøvennleg med tanke på at den berre er sydd av restebetar frå restekassen vår. Hurra for det! Bilete av vidunderet kjem i morgon.

~Mymlen

tirsdag 26. oktober 2010

God natt-innlegg

Det går både godt og dårleg i mi verd for tida, så mykje at blogging ikkje ein gong er ein del av prioritetslista. Men eit lite innlegg før sengetid skal så vidt gå dersom eg ikkje sovnar.


Ein av grunnane er til dømes at eg har svært kort veg opp til sysalen. På bilete ser du ein av mine nye kreasjonar: eit gammalt vrengt skjørt blir nytt med ein sjølvsydd overdel.



I haustferien fekk eg eit heilt fjell av gamle (og nye ubrukte) klede heime hos pappen. Ei bukse som i utgongspunktet var ganske fin, men litt stor i størrelsen, vart ei finfin veske.


Eg skal innrømma såpass at eg er ganske stolt over min første strikkegenser med mønster, i dette tilfelle; Marius-genser. Eg GLEDAR meg til at den skal halda meg varm.


No lukker seg mitt øye
Gud fader i det høye
I varetekt meg ta
Frå synd og sorg og farer
Din engel meg bevare
Som ledet har min fot i dag

~Mymlen

mandag 18. oktober 2010

Mummi og Marius

Det skjedde noko merkverdig i dag tidleg; i ferien har eg sove alt for lenge kvar dag, men denne morgonen har vore den lettaste sidan skulestart. Pluss.. eg trudde laurdagens ablegøyer burde ha óg spelt litt inn her, men nei. Greit for meg liksom.


Dei vidunderlege glasa kjøpte eg på Sandnes garn sitt garnutsal då me var der. Eg har ikkje sett dei før, heller ikkje i andre butikkar, så eg skal definitivt tilbake å kjøpe fleire. Det gjer litt opp for at eg ikkje fekk kjøpt fire glas frå den forrige serien som vart tatt ut av produksjon. Kjenner tårene ei tåre i auga berre av tanken.


Før haustferien skreiv alle kvar sin bestilling frå Stoff&Stil og me forventar å få den til onsdag. Gledar meg såå mykje. Då kan me endeleg komme i gong med neste større prosjekt. No i mellomtida lagar me ein del småting; lunsjposar, multiposar, tøyposar, sminkeserviett-etui, strikkepinne-etui, babyserviett-etui. Du skjønnar. Som læraren vår seier: det er produkt som etterkvart blir uunnværlege. Den grøne kjolen kjøpte eg forresten på Fretex for 40 eller 50 kroner. Den skal syast om til selskapskjole.


Eg har i det siste lurt litt på om eg kanskje har tatt med vatn over hovudet då eg har sett i gong å strikke Marius-genser, då må eg nevna at eg alder har strikka etter mønster og syns eigentleg det er litt vanskeleg. Hvertfall stjernene og kryssa i Marius-mønsteret. Men berre sjå! Eg har komen ganske langt og har ikkje tenkt å gje meg med det første.

~Mymlen

mandag 4. oktober 2010

God morgon!

Eg trur ikkje det var veldig mangen andre som var like vakne som meg i matsalen i dag tidleg, til tross for veldig sein kveld og dårleg nattesøvn er eg superklar for dagen. Eg elskar linjeveke. I dag skal me bestille dei herlegaste stoffer og tekstilar.



Men vent litt no.. eg har breaking news! Som eg i grunn fekk vite om i går men gløymde å fortelje; me skal reise på studietur til New York (ja, det veit du kanskje), Los Angeles (det er du nok også klar over) men ÓG San Francisco!! Eg har vore i dei førstenemnde byane før og eg har strengt tatt stått på Golden Gate, men eg gledar meg til å oppleva byen.


No, klokka ni, startar linjefag-timen. Me skal som sagt skrive opp bestillingar frå Stoff & Stil og eg har planar om å sy meg ein dufflecoat. Eg gledar meg til den dyktige fargedama kjem tilbake på torsdag for å analysere meg.

~Mymlen

Oi, litt seint!

Men eg legg inn eit innlegg i full fart før eg legg meg. I dag har vore ein ganske bra dag. Som sagt har me linjeveke og skal sy kvar dag. Eg har komen 50 cm på Marius-genseren min OG fullførte mitt første skikkelege plagg på sysalen; katte-genseren. Den er varm brun og fuksia, men særs dårleg bilete.


Og nei.. eg har ikkje klypt meg kort, har vore sporty i symjehallen og har difor teit klistrehår inne i hetta. Til tross for at eg er kjempenøgd kjem dette antakelegvis til å bli eit koseplagg og ikkje til allmenn skue. Eg er forresten glad for at ikkje saumane viser..


Eg må sei ein ting til før eg legg meg som eg er ganske gira på; det var ei superflink dame hos oss i dag som driv med fargeanalyse! Ho utdanna seg i Houston, Texas og har dreve på med dette i 25 år til saman blant anna arbeid. Ho fortel ikkje kva fargar du ikkje passar, men kva nyansar. Ein varm lilla kan gje deg gufsne kinn medan ein kald nyanse kan gje deg glød. Kjempespennande å sjå ho i aksjon. Ho trong ekstra tid på meg, så ho valgte å ta for seg meg på torsdag. Eg trur det har noko med det raude håret mitt. GLER MEG!

~Mymlen

søndag 3. oktober 2010

I dag er det søndag på ekte. Ein søndag der ein vaknar sånn passe tidleg for så å sove vidare (sjølvsagt draumer du noko kjekt dei ekstra timane), ute er vêret grått med litt regn og du kan vera inne heile dagen sidan du uansett ikkje har planar.


Eg, til dømes, brukte min dag passe fornuftig; eg låg lenge i senga og sov over frukosten med vilje. Eg var veldig bekymra for at dei hadde hatt rundstykker og kokte egg til frukosten som eg gjekk glipp av, men ryktet på street'n seier heldigvis noko anna. Etter middagskvilen (oksesteik, Y to the EAH) peiste eg og Camilla opp i spinningrommet ein times tid.. forgjeves. For gjett kva det var til kaffimat. Oreokake. DRITGOD oreokake. Er det rart statestikken seier at gjennomsnittseleven legg på seg 7 kilo etter FHS?


Ja, eg har det i grunn ganske fint her på Solborg. For augenblinken er det berre Klær, Mote & Design, Multisport Pluzz, Kreativ Kunst, Adventure og Film & Media som lagar liv i leiren, for heile Globale Village linja (Foto, Fotball og Connection) er i Etiopia, Afrika. I morgon reiser Film & Media og Kreativ Kunst til Oslo, medan Multi og Adventure skal gjera forskjellig friluftsliv-greier til veka, dette forlet oss på KMD ganske einsame igjen. Men det går eigentleg heilt fint, for me skal ha linjeveke. Det vil sei at me har linjefag (tekstil og saum) i alle timane! Pluss at det kjem ei fargeanalyse-dame til oss for å fortelje kvar og ein kva for ein farge ein kler best.

Treng du ny toalettveske? (henviser til bilete)

~Mymlen

torsdag 30. september 2010

Syersk på Solborg

Oi, eg er ein dårleg bloggar. Det har skjedd så mykje sidan sist at eg ikkje orkar å sei noko om det i kveld. Eigentleg ville eg berre stikka innom å motbevise alle teoriar om at eg kanskje har gitt opp blogging. Eg kjem sterkt tilbake denne hausten. Bloggast i morgon!

~Mymlen

tirsdag 10. august 2010

Blåbærplukkedagen


Mors lille Ole i skogen gikk,
roser på kinnet og solskinn i blikk.
Leppene små er av blåbær blitt blå:
«Bare jeg slapp her så ensom å gå.»


Brummelibrum! Hvem kommer der?
Buskene knaker. En hund det nok er.
Pelsen er lodden, men Ole blir glad.
«En kamerat, det var bra! Å, goddag!»


Klapper så bjørnen med hender små,
rekker fram kurven: «Vil du smake på?»
Bjørnen, han sluker nå alt det som er.
«Hør du, jeg tror nok du liker slik' bær.»


Mor kom og så dem. Å du som hun skrek!
Bjørnen ble redd og forsvant som en strek.
«Å, hvorfor skremte du unna min venn?
Å, kjære mor, be ham komme igjen!»


fredag 6. august 2010

Kva skal ein stakkar gjera

Heiheihallo. Eg har litt skrivesperre for tida. Difor blir det ikkje innlegg på rad og rekke. Sidan orda ikkje strekker til, legger eg ut nokre bilete som eg har teke i hist og pist. Eg har litt hobby-fotograf-nykker i meg av og til. Når eg har peng skal eg oppgradera kamera mitt.




Sidan Joar er kjærasten min, blir han ofte offer for linsa mi. Han er ikkje alltid like nøgd, men eg seier; han er jo søt, så det går bra.




Insekt er artige. Dei er så små, difor er det gøy å zooma som berre juling. Då ser ein betre kor ekle dei er. Mot all mi vilje må eg innrømma at bileta blir stilige.




Denne ekle karen budde i utelykta vår i Apalvegen (Ja, me varnabo med sjølvaste Donald Duck, som bur i nummer 111).




Haustdagar er sjølvsagt ein av favorittane. Resultatet er ofte veldig fargerikt.




Når dei første rimflaka dukkar opp er knipsefingeren min parat. Då ventar eg berre på snøen.




Og snøen kjem. Nokre år. Sist vinter kom den så heise at eg vart lei. Men fin er den, som eit reinsande teppe (til bilane kjem..).




Det blir etterkvart vår på vestlandet óg, dei dagane sola smilar set eg og kamera mitt pris på.




I slutten av mai måned, når skuledagane vert lange og keisame, då er det snart sumar. Goingane kan ligga ute i berre body å sjå på spennande ting med store blå auge.

~ Mymlen