onsdag 10. november 2010

Autumn leaves


Herr Hyldmo var grei og hadde lynkurs i foto, med eit A3-ark på veggen fungerte rommet vårt godt som foto-klasserom. Difor var eg og Camilla ute på tur her om dagen, det vil sei sundag, og tok haustbilete så me fekk tatt i bruk dei splitter nye kunskapane våre. Bileta frå dette innlegget er ein del av resultatet.


Ellers har eg vore på besøk hos søte Line i dag og oppdaga at det slettes ikkje er langt til universitetet i frå Solborg. Ho har vore blondine heile sitt liv, men i dag tok ho eit stort steg og vart brunette, nærare sagt sjokoladebrunt. Heilt vidunderleg fint! Eg vart litt flau då fann ut at håret hennar hadde vakse sikkert 10 centimeter sidan sist eg såg ho, og me bur i same by? Eg har eit haustforsett, det er å besøke Line meir. Ein god grunn til å halde dette er at eg får god kvelds. Me tok i bruk studentrekvisita frå kjøleskapet til dette:


1 Kyllingfilét per person
2 ss Creme fraiche
2 ss Pesto
1 Tomat i terningar
1 dl Kvitost

Dette er så lett at det ikkje treng noko froklaring, men eg gjer det likevel. Du steiker kyllingfilét i smør/olje på middels varme, deretter krydrar du den med det du likar best før du hell rundt ein vanleg kopp vatn på steikepanna, då vert det skikkelig saftig kjøt. Når noko av vatnet har fordampa på høg varme, tilset du alle dei andre ingrediensane. Du kan gjerne bruke fleire grønsaker og liknande. La det putre litt, dermed: bon apetit!


~Mymlen

mandag 8. november 2010

Se min kjole


Eit kjapt innlegg før eg finn senga. I dag vart eg ferdig med ein kjole som kosta meg fleire liter blod, svette og tårer. Oi, det var dramatisk. Det gjorde eigentleg ikkje det heilt fram til i dag. Den vanskelege delen var å sy på det grøne bandet nedst på kjolen, for det skrukka seg til overalt og det kunne ikkje takast av og syast på nytt. Men folk studerer nok ikkje dette bandet, det dei ikkje ser med blotte auge seier eg heller ingenting om. Trykk på bilete.

~Mymlen

fredag 5. november 2010

O, jul med di..oi, nei

I går kveld, då eg hadde vore på Film og Media sin elevkveld (med, sjokkerandes nok, mange filmar), var eg så trøytt i at eg ikkje orka å opne pc'en. Eg strikka litt med Ruth Sofie og Susanna på den ANDRE armen til Marius'en min. Mitt mål: å bli ferdig over helga.


Eg må berre seie: ganske teit å ha prikkete bakgrunn, men eg føretrekk ikkje støvete golv. Apropo helga, så gledar eg meg stort av den enkle grunn at Magnus kjem for å besøke meg (!) og i grunn alle dei andre her på Solborg og Stavanger. Det fine er at han har bil og eg skal ein tur på sjukehuset på måndag med foten min. Hurra for at han kan kjøre meg!


Dersom eg har gløymt å nemne det (nei, det har eg ikkje), så gledar eg meg utruleg mykje til jul!! Delvis fordi eg skal til Ribe som ligg i Danmark. Der bur mine tanter og onkel og kusiner og fettrar og greier og greier. Eg gledar meg til adventstida her på Solborg med lystenning på morgonsamling, julekalender på TV, til å lesa julebladet mitt som eg kjøpte allereie i oktober for å roa julenervene og forhindra for tidleg julestemning, samt masse adventskos i klassen. Også gledar eg meg jo til kjempetidleg julferie og då.. 17 desember.

~Mymlen

tirsdag 2. november 2010

Ønsker

Vips, så kan eg snu kalenderen til den sida det står November på, og med eitt kan ein plutseleg ta seg sjølv i å nynne Glade jul, snike i Juleidéer på butikken eller dagdrøyme om pinnakjøt.


Snart kan eg realisere alle mine planar om heimalaga julekort og presangar, då hadde det vore fint å hatt denne boka! Eg får lov å kike i Linda-lærar si av og til. Det er så mange søte idéar. Den kan kjøpast hos Panduro-forhandlarar for 249 kroner.

~Mymlen