lørdag 27. mars 2010

Dagens antrekk

Ein meir vellykka laurdag har eg ikkje hatt på lenge. Eg tok meg ein joggetur, etterpå stæsja eg meg litt før me for ner på vikjo for å shoppa litt Black Tower. Eg måtte jo sjølvsagt innom Tilbords for å helsa på Camilla, og kanskje sjå litt på service, interiør og bestikk.

Casual denimskjorte og fin raud veske er digg!

Vårblom i håret og kule sko óg.

Eg skal i brillefin bursdag i dag. Søte Stine blei 19 år på måndag som var, difor feirar ho det i kveld. Alle må ha på seg solbriller og eg har valt å gå for pinup look. Trur eg. Eg veit ikkje heilt kva klede endo, men Camilla kjem bort og hjelper meg med det klokka seks.

Leopardtastic og raudt.

fredag 26. mars 2010

Påske og feriefredag

I dag er det offesielt påskeferie og det er digg! Min dag har hadde ein særs effektiv skuledag, eg hadde ei forrykande god treingsøkt, eg fekk ein nydeleg byblom frå Tor Haakon då han hadde vore i Finland, ein Arabia Finland moomin-kopp nemleg, eg har kost meg i det fine vêret og pynta til påske inne, og eg har laga knallgod fredagskos til meg og Joar. Fylte paprikaer, åh, det er nydeleg, også er det lett å skreddarsy slik du likar det best. Du kan gjera det eksklusivt og kokkelura i timesvis eller kjempelett og billig.

FYLT PAPRIKA alá Christine:

For 2 personar
30 minuttar steiketid
Midt i omnen på 200 C

2 litt store paprika
(gjerne i fleire fargar, du et med auga)

50 g brokkoli
50 g blomkål
20 g purrelauk
(per paprika, men for all del, bruk dine favorittar)

Oppskåren kylling- eller svinefilé
(kvifor ikkje berre krydra kjøttdeig?)

1 dl reven valfri ost, eg anbefalar mozzarella

Fløtesaus, bruk mormors gamle eller finn oppskrift på nettet
I kveld brukte eg Toro sin Gratinerte grønnsaker posemix

Sett omnen på 200 C og sett fram ei eldfast form. Skjær av eit lok på paprikaen og legg det til sides, rensk og skyll. Same med grønsakene, det er ein fordel å skjæra dei opp før du startar. Brun kjøtet og krydre det med ditt beste krydder. Lag fløtesausen. Då er alt klart til å fylle, set paprikaene i eldfast form, legg alt utanom ost lag på lag i paprikaen. Til slutt dryssar du ost over og set loket på, litt på snei. Ta-daa!


Eg og Joar slo til med frukt salat til dessert, jordbær, kiwi, appelsin, druer og anans med vaniljekesam på.
Yummi in my tummy.


Som sagt har eg også brukt delar av dagen på å bruka dei få rekvisita me har i huset til å pynta litt til påske. Her er resultatet.

Ein kylling i kjøkenvindauge. (og mamma sin orkidé blom)

Ute å henta litt gule "pølser", eg har ikkje peiling på tre og blomar.

Eg henta fram kreativiteten som eg veit bur inne i hovudet mitt og laga eit lite reir.

Den fine egg-glasskåla til mamma og meir orkidé.

Det var tre små egg igjen som fekk plass på den plantesaken.

No når eg først er i gong med å visa alle bildene eg har tatt i dag, så er eg faktisk heilt NØDD til å visa bilete av mummitroll-koppen eg fekk av Tor Haakon.

Side 1

Side 2

Side 3

Her er eit bilete av heile samlinga mi, og fleire skal det bli.

torsdag 25. mars 2010

Varmare strøk

I dag då eg kom heim frå joggetur var eg i postkassa å kikka, der fann eg ein kjekk liten HM pakke. Å, det gjorde den regnfulle dagen fullkomen! Eg draumte meg vekk til varme Tyrkia, der eg og Joar skal feire bursdagen min saman med nokre venner. Me reiser to dagar før, altså den 15. juni. Eg syns eg kan sjå meg sjølv ligge på stranda i mine kule bikiniar.



Bestillinga mi er av uvisse årsakar blitt delt opp i tre sendingar, det er egentlig litt greit for då får eg ein i månadan å gleda meg over. Den første grøne leopard bikinien min fekk eg forrige månad, medan den blå fekk eg i dagens levering. I april kjem siste levering, då får eg eit armbands sett og eit smykke.


onsdag 24. mars 2010

Fem fine

Eg lurte på kva eg skulle blogga om i dag, så kom eg på den tøffe telefonen min som eg lenge har hatt lyst til å visa til verda. Eg elskar den. Her har du fem fine ting frå rommet mitt heime hos mammo.

RedHotLips telefonen min som eg kjøpte på ferietur i Sverige.

Bilderamme frå IKEA, skal eg mala den?
Har du tips til stilige ting å inni den kanskje?

To fine teboksar frå England funnen på loppemarknad i aust.
Må ikkje gløyma den fine kista mi, der gøymer eg skattane mine.

Denne spegelen har vore bestemor sin,
difor er eg veldig glad i den. Sjå kor fin!

Eg synst at nattlampa mi frå IKEA er drittøff av den enkle grunn,
det ser ut som ein hollywood lampe frå tidlige 1900 talet,
eg manglar berre sminkebord.

søndag 21. mars 2010

Congratulations and celebrations

Nok ei helg, nok ein fest. På laurdag fylte Joar 19 år, difor tok eg ekstra godt vare på han. Eg sto opp lenge før fuglane feis for å laga sjokoladekake og kort til han, samt lage frukost. KVarme ferske baguettar, kokt egg og nypressa appelsinjuice tilfredstiller dei fleste, også Joar. Legg merke til bursdagshelsinga på hjartelappen.


Me nøyt dagen, tok livet med ro og lada opp til eit betre måltid på Big Horn med Magnus pluss Ørjan som inviterte seg sjølv, samt samankomst med alkohol inni biletet på kvelden. Det var heilt nydeleg med biff, eg hadde nesten gløymt kor godt det er, uheldigvis hadde eg på meg hakket for stram bukse den kvelden.



Etter eit glas og to bestemte me oss for å tura ned til Arena, der det skulle vera konsertar den kvelden. Fattige studentar som me er, prøvde me oss på eit påteikna stempel, og gjett (!) det virka, vakta ensa oss ikkje ein gong. På Arena møtte me eit par kjenningar me prata litt med, der i blant Camilla. Ho vart med opp til meg igjen då Aimee, Tonje, Hanne og Magnus ikkje orka å stå ute i kulda lengre. Det blei endo litt meir pludring før me fant sengene.



I dag har vore den verste dagen i festing si historie. Det er ein liten mann inne i hovudet mitt som hamrar på augeballane mine og det kjennes ut som det er eit par tordenskyer og. Me smakte litt på kaka også, for eg fann ut at den ikkje passa heilt saman med vin og øl, den var ganske mektig. På Coop fant eg nokre tøffe kakelys som hadde same farge på flammane som på lyset! Joar fell sjølvsagt for dei og funderte på korleis dei verka. Resten av dagen har eg budd i kosedressen min og på sofaen i lag med eit glas med vatn.


Bursdagsbornet samla inn heile 1600 kroner frå oss vener. Alt i alt trur eg Joar storkoste seg og det var det eg ville oppnå, men setlabokjo mi skrike etter mat no, eg har brukt godt over månaden si kvote for denne gongen. Håpar det er lenge til neste kjenning sin bursdag. Neste helg skal eg ta det kraftig med ro, då er det jo påskeferie og, heilt vidunderleg!

torsdag 18. mars 2010

Shop till' you drop

I dag gjorde eg og Camilla noko spontant, som vanleg. Denne gongen var det ingen frisør, men ein jentetur på vikjo. Etter skulen gjekk me heim med sekkane og stæsja oss litt før me for ned. Me byrja på Bruncheriet, verdas koslegaste café (http://www.bruncheriet.no/)! Begge to betalte 99 kroner for ein buffé, like greit, då slapp eg bruke dyrbar shoppingtid på å bestemme kva eg skulle eta. Eg tok sjølvsagt litt av alt og sjølvsagt tok eg alt for mykje på tallerken.



Eg hadde eit par hundre kroner til disposisjon og sidan eg fekk femmar på norsk muntleg framføringa mi i dag (!) unna eg meg sjølv heile tre nye bukser. Og eit skjørt.. Og ein paljett-vest.. Og eit par nydelege øyredobbar. Ja, det blei litt mykje, men eg trøsta meg med at alt var på sal. Skjørtet er ikkje veldig typisk meg, men eg fell for det like vel, det blir spennande å prøva å kombinera det med resten av garderoben min. Skulle hatt litt mindre bein for å gå med slikt, men det kan jo alltids hende.





Då eg kom heim jobba eg på full spreng med biologien som eg eigentleg trudde eg var ferdig med, heilt til eg fann ut at eg hadde gløymt ut eit heilt spørsmål, det var nedtur. Det var eit ganske langt eit og, desverre. No er eg i alle fall ferdig og sit å ventar på at Karianne skal komma. Ho ville ikkje vera sporty med meg i dag, så i staden for symjing vart det film. Ho vil leige film, men det spørs om eg har pengar til sånt no etter utskeiinga mi.

M~

tirsdag 16. mars 2010

Full rulle

No kjenner eg at stressmånadane kjem sakte men sikkert. Prøvar, innleveringar og framføringar kjem som perler på snor, eg har til dømes framføring i norsk no på torsdag, det kvir eg meg egentlig til. Eg skal snakka om barneoppfostring på 1890 - 1960 talet og korleis teksten "Veien til verdens ende" kan læra dagens foreldre noko om bruk av vald mot små born.

Men akkurat no orkar eg ikkje tenke på det ein gong, eg vil heller tenke på kva eg skal kjøpa til Joar. Min søte har bursdag på laurdag, han blir 19 år! Eg har nokon idear men eg kan ikkje røpa dei i tilfelle han svippar innom bloggen min. Han interesserar seg for teknologi, fotografi og musikk og eg vil aller helst støtta dei på ein eller anna måte sidan han ikkje akkurat har så mykje pengar sjølv.

No er me jo snart russ og, det går ein del pengar på slikt vil eg tru. På fredag i sist veke fekk me russeutstyret vårt. Det einaste eg hadde bestilt var grunnpakken som inneheldt russe-bukse med stilige åttebladsroser på, russekort, uknuseleg flaske, vanntett mobiletui, band med fløyte og flaskeopnar, russe-minnepinne, russe-hue og russen sin dåpsattest. I tillegg bestilte eg ein superstilig hettegenser med mariusmønster-trykk på. Åh, den er så fin. Eg er ein skikkelig norsk russ. Her har eg dandert alt så fint på senga mi.




Litt tidlig å tenke helg allerede, men på fredag har utestaden tapperiet arrangert russekro for russen. Ja, dei tener vel godt på fattige fulle studentar. Men kjekt blir det vel, håpar på å gå på den kroa. Og så må eg jo feira kjærasten min på eit vis og, men det er jo ikkje før på laurdagen. Eg kjem til å bli så fattig.

Apropo pengar, eg har forresten funne eit sko-eldorado som eg ikkje visste om. Eg har høyrt namnet mange gonger på TV og eg har kanskje til og med vore inne på sida før, men då har eg tydlegvis ikkje blitt imponert. Du har sikkert og høyrt om denne før, nemleg nelly.com. Kjekke sko og klede til alle slags prisar. Her er noken FÅ mine favorittar.


søndag 14. mars 2010

Fest og basar

Denne helga er prega av festlighetar. På fredag skulle eg egentlig vera med kjærasten min heim, så skulle me laga god mat og kosa oss, men istadenfor fekk eg ein telefon frå Hanne Emilie som skulle feira bursdagen sin. Eg hadde jo ikkje ein gong noko å gå i, men heldigvis fant eg ein gammal kvit tunika som framleis var brukande som festantrekk (sjølv om utringinga var ein smule djup).

Hos Hanne var det kos! Ho hadde diska opp med drinkglas, appelsin- og sitronskiver, jordbær, sjokolade, drinkmix, chips og brusar. Eg som prøver å trappe ned på kaloriane hadde med FUN saft med jordbærsmak, og tru det eller ei, så fungerar det kjempebra som drinkmix. Slik pleier eg å blanda min wannabe, men svært kalorifattige, strawberry daiquary:


5 cl rom eller vodka
1,5 cl TØRST m/limesmak
1 dæsj FUN jordbærsaft
3 - 4 moste jordbær
frivillig knuste isbitar

Det er jo vel og merka MYKJE kaloriar i alkohol, men eg kan ikkje avslå alle festar i eit år berre for å gå ned nokre kilo heller, derfor gjer eg det beste ut av det. Me tok ganske tidlig kveld hos Hanne, då me gjekk heim tok me ein svipptur innom ein venn av oss. Til tross for at stemningen der eigentlig ikkje falt heilt i smak hos meg og eg lengta heim ganske fort, var me der i to timar. Då eg sat godt plassert heime i sofakroken var eg passe berusa og trøtt. Den kvelden sat me ein liten gjeng og prata heilt til klokka slo halv fem. Å steikje kor trøtt eg var på laurdagen.

Det passa meg dårleg å vera i den tilstanden då me skulle på klassefest hos ein i klassen vår, men det stoppa ikkje meg, eg kjøpte meg ei flaske vin tok på meg danseskoa. Kvelden vart fabelaktig, me snakka, dansa, vart betre kjend med kvarandre, dansa, lo i lag og dansa litt meir. Me avslutta kvelden på utestaden Arena. Etter ein heil kveld på stiletthælar var eg gåen i beina då me skulle gå opp på glatt asfalt heim til meg. Me lista oss inn og trudde mamma låg i djup søvn på rommet, men neida, ho kom snikande inn tretti minuttar etter oss! Ho hadde hatt seg ein tur på Delis med eit venepar. Bra at ho veit å kosa seg ho og. Nedanfor har du vinen eg er så glad i.


torsdag 11. mars 2010

Fridag

Eg er litt usikker på om eg skal sei at eg har hatt ein effektiv eller ein sløv dag. Vekkerklokka sto på ni, men sidan eg hadde ein herleg fridag måtte eg jo drøya det ein halvtime. Etter dagens fjesbok update starta eg rett på norsk føredraget mitt. Eg er nesten ferdig, eg manglar avsluttninga og øving. Eg skal prøva å imponera med å kunne det nesten utenat.

Det blei desverre ein del avsporing i dag også, litt interiør, litt klede, litt teleobjektiv leiting og litt masse fjesbok. Eg var skikkelig sliten i hovudet av å sitta så lenge foran skjermen, då Rebecca ringte å lurte på om me skulle ha ein symje date sa nei. Men kom etterkvart til å tenka på at eg antakeleg berre ville ha godt av det og bli litt kvikkare difor ringte eg og var med ho på symjing likevel. Eg kjenner at eg har gongsperr frå benkpress i går, spesielt då eg symde.

Rebecca måtte innta kaloriane ho mista på symjinga og kjøpte seg litt smågodt, heldigvis for meg er ikkje eg særlig begeistra for det, eg vil helst andre veien; forbrenna kaloriane! Me koste oss litt med Ghostwhisperer og hårfarging før ho vendte nasa heimover. Eg derimot blei sittande alt for lenge oppe for å sjå på livsfarlege kubemaneter frå Great Barrier Reef på Animal Planet.

No må eg legga meg. Først skule, deretter HELG i morgon!
God natt bloggarar.

onsdag 10. mars 2010

Aktivitet

I dag hadde me aktivitetsdag på Fitjar VGS, det var faktisk overraskande kjekt! Eg kunne gjerne tenkt meg å stå på snøfjøl i Røldal saman med Camilla, Stine, kjærasten min og alle dei andre, men sjølvsagt kom den tåssne ankelen min i vegen. I 2008 trakka eg over og braut opp ein gammal skade skjønar du, det var frykteleg vondt og eg har begynt å kjenne det i det siste. Faktisk så mykje at eg skal gjera eit lite inngrep på Haukeland, eg håpar det blir betre etter det!

Grunna foten meldte eg meg på ein skogstur i staden for, der skulle me kosa oss med god mat og varm drikke, aking og leik. Eg møtte så staselig opp på skulen i stilongs og skijakke og trudde eg skulle få gå meg ein fjelltur i dag, men nei, det var så dårleg vêr at det ville ikkje lærarane ha noko av og snø er det heller ikkje lengre. Dei heiv alle 31 personane som ikkje for til Røldal inn i gymsalen. Før frukost pausen dansa me linedans, ikkje alle som hadde like god dansefot, men me lo og koste oss, nokon av oss iallefall.

Medan eg åt, funderte eg på kva for kjekke aktivitetar og ballspel me skulle i ha etterpå, då eg kom inn igjen etter pausen vart eg møtt av vekter, matter og kjegler, etter oppsettet å lesa var det styrketrening me skulle ha! Eg må innrømma at hjarta sank litt i brystet, men pytt, då får eg treningsøkta på skulen i staden for. Den eine delen gjekk ut på stabilisering og balanse og den andre på rein styrke og uthald. Eg peiste skikkelig på, eg blei litt kry då eg klarte å ta knebøy inntil veggen med Magnus på fanget.

Då lunsjpausen endeleg kom var eg pest, Magnus fekk meg til og med til å ta litt benkpress. Hehe, det høyrtes staseleg ut, men eg tørr ikkje sei kor lite eg tok. Eg hadde pakka ei herleg niste til turen eg trudde eg skulle gå, ikkje berre herleg mat, men ein nydelig fin termos og ein matboks. Begge deler er kjøpt på Fem Høns, termosen på dekkekveld og matboksen fekk eg av søte Camilla til jul.






Eg fekk på ein måte turen min likevel, på slutten av dagen, som ei avrunding på økta, gjekk me ein tur rundt Vestbøstad. Nokre var så sporty at dei jogga men eg veit betre, eg må ta vare på ankelen min. Eg gjekk saman med Magnus, me snakka om alt mogeleg me såg langs vegen. Til dømes mimra me litt frå ungdomsskulen då me passerte Rimbareid skule og eg om det fine kvite dokkehuset på andre sida av vegen, "sildahuset" så det heiter. Der budde eg med mammo og pus ei stund før me flytta til sørlegare strøk (på øyo). Då me hadde komt halvveg skjedde det noko rart, plutseleg streika ankelen min totalt. Eg hinka rundt og styrte på. At eg blæra mi nesten sprengte gjorde ikkje saken noko betre. Eg gjekk så fort helsa tillot meg heim til pappen min som bur i Vestbøstad feltet, der fekk eg gjort mine forretningar på toalettet og etterpå var han så grei at han kjørte meg og Magnus tilbake til skulen. Då eg kom heim tok eg ein ibux og sovna på sofaen.

I dag kan eg ikkje skjønna anna enn at eg har dekka dagsbehovet med trening, herlig! (samt smerte og søvn i grunn)

M~

torsdag 4. mars 2010

Velkommen


Som du ser, så er dette mitt første innlegg i den nye bloggen min. Hurra for det! Eg hadde ein blogg på blogg.no som eg no vil fjerne, på det enkle grunnlag, at den har et utrulig teit navn. Og når eg tenker meg om, så var det jo opprinneleg ein reiseblogg som eg og to vener delte, det var ikkje berre min.

No kan det jo hende at lifeofamoomin er ganske teit det og, men eg synest at den verda Tove Jansson har skapt, er ei verd eg utan problem kunne ha levd i. Dessutan har eg eit nært forhold til mummitrollet frå eg var lita, mellom familie og vener vart eg ofte kalla Lille My. Eg er litt mummi; eg draumer meg ofte bort og er svært romantisk, eg elskar å overraske og imponere, og eg er forferdeleg nyfiken og (for eit morsomt ord). Eg tenker mange kreative tankar og synest at det er stas å skapa noko fabelaktig med eigne hender. Difor set eg pris på ting med kvalitet, eg gledar meg over å sjå på vakre ting, då er eg mest opptatt av dei små detaljane.

Eg likar å sjå orden rundt meg, då kan eg slappa av, både utanfor og inni meg. Det forundrar meg at er eg er liste freak, eg kan skrive lister for alt i heile verda, og då helst i mummi-notatboka mi, som eg elskar. Det forundrar meg fordi at eg er veldig spontan, eg vil helst ha med meg alt som skjer, også det som skjer samstundes. Sukk, synd at eg ikkje er super-dame. Eg vil gjerne ha ei viss oversikt over kva som skal skje, men ikkje i lange banar fram i tid. Eg reiser gjerne til Marokko på laurdag om kjangsen byr seg.



Synd for meg, men dette gjeld også shopping. På mørke kveldar, når tekoppen og pelsteppet varmar ekstra godt er risikoen størst. Då surfar eg på alle dei herlige bloggane internett har å by på, proppfulle av interiør, klede og sko. Legg i handlekurv er ein knapp eg har blitt svært godt kjent med, for å gjera historia kort. Eg svikar setlabokjo (lommebok) mi gong på gong, alt ho inneheld for augenblinken er eit par raude øre, men eg trøstar meg med at høgrentekontoen min inneheld ein feit slant, for den har eg spart mykje på, sett inn opptil fleire gonger i månaden tenk!

Og godt er det, i og med at eg er student. No går eg på allmenn påbygg på Fitjar VGS, det vil sei at eg er russ i mai og det gledar eg meg stort til. Eg må prøva å begrensa fest og basar sidan eg skal gå på folkehøgskule til neste år. Ja, veit du kva! Det unnar eg meg sjølv etter tretten år skulegong utan kvileår. Eg skal storkosa meg med nål og tråd og dei herligaste tekstilar, linja eg skal gå på heiter Klær Mote og Design. Det må vel vera noko for meg. På Solborg folkehøgskule skal eg lade opp til tre år på Interiør linja på Norges Kreative Faghøgskole i Stavanger, men nett no må eg prøva å konsentrera meg om historie, norsk, biologi og mattematikk!

Det er dette eg kjem til å blogga om tenkjer eg, me får sjå korleis det går.
Me bloggast!