onsdag 10. november 2010

Autumn leaves


Herr Hyldmo var grei og hadde lynkurs i foto, med eit A3-ark på veggen fungerte rommet vårt godt som foto-klasserom. Difor var eg og Camilla ute på tur her om dagen, det vil sei sundag, og tok haustbilete så me fekk tatt i bruk dei splitter nye kunskapane våre. Bileta frå dette innlegget er ein del av resultatet.


Ellers har eg vore på besøk hos søte Line i dag og oppdaga at det slettes ikkje er langt til universitetet i frå Solborg. Ho har vore blondine heile sitt liv, men i dag tok ho eit stort steg og vart brunette, nærare sagt sjokoladebrunt. Heilt vidunderleg fint! Eg vart litt flau då fann ut at håret hennar hadde vakse sikkert 10 centimeter sidan sist eg såg ho, og me bur i same by? Eg har eit haustforsett, det er å besøke Line meir. Ein god grunn til å halde dette er at eg får god kvelds. Me tok i bruk studentrekvisita frå kjøleskapet til dette:


1 Kyllingfilét per person
2 ss Creme fraiche
2 ss Pesto
1 Tomat i terningar
1 dl Kvitost

Dette er så lett at det ikkje treng noko froklaring, men eg gjer det likevel. Du steiker kyllingfilét i smør/olje på middels varme, deretter krydrar du den med det du likar best før du hell rundt ein vanleg kopp vatn på steikepanna, då vert det skikkelig saftig kjøt. Når noko av vatnet har fordampa på høg varme, tilset du alle dei andre ingrediensane. Du kan gjerne bruke fleire grønsaker og liknande. La det putre litt, dermed: bon apetit!


~Mymlen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar