Den siste månaden før mitt siste år på Fitjar vidaregåande skule var ganske hektisk eigentleg, då var det ikkje mykje blogg-tid til overs. Me repeterte, leste og pugga på alle fag: matte, historie, biologi, norsk og naturfag. Det eg aller mist ville komme opp i var matte og då den store dagen kom sat eg der og kaldsvetta på skulebenken klokka ni om morgonen. Ditten-og-datten kom opp i historie (HELDIGGRISAR!) medan andre kom opp i biologi (ENDA HELDIGARE!). Då dei kom til matte-elevane var mitt namn det første på lista. Eg skal innrømme at det faktisk trilla ei tåre på kinnet mitt då. Vanlegvis har ein to døgn på seg før eksaminering, men me var kanonheldige og fekk helga til gode..det trong eg. Eg sleit meg gjennom matte-eksamen og fekk trear, noko eg er kjempenøgd med!
Men eksamen er ikkje ei unnskuldning til ikkje å blogge då ferien starta. Då kunne eg til dømes ha blogga om dei to nye mummikoppane eg har anskaffa meg i løpet av sumaren. Mummimamma-koppen var ein byblom frå mammo då ho kom heim frå København. Lille My koppen var bursdagspresang, også frå mamma, saman med ei Mymlen-skål. Alt i alt har eg åtte koppar og den eine skåla. Draumen er å ha alle koppane. Serien starta i 2004 trur eg, det finnes ein sumar-versjon og ein jul/vinter-versjon kvart år, pluss dei vanlege koppane. Nedst i dette innlegget kan du sjå dei seks andre koppane.
Ein annan ting eg samlar på for tida er eit sett frå Bruka Design som tar for seg alt i frå snopeskåler til eggeglas. Dei to kvite ovanfor er bursdagspresang frå søte Camilla. Resten av settet eg har er lyseblått. Når eg får meg ein eigen leilighet etter folkehøgskulen, DÅ skal eg samle på alt mogeleg. Eg lagrar i mellomtida det eg har i mamma sitt skap.
Mi snille mamma som kjøper blomar til meg når ho har vore på Plantasjen. Det er eit kjent fenomen blant venner og bekjende at eg har ein uregjerleg lidenskap for kattar (ja, eg kjem til å bli gal kattedame), difor syns eg at mamma var skjønn då ho kjøpte denne potta med ein (litt ekkel) kjøttetande blom til meg. Eg lo eigentleg litt av synet: kjøttetande blom -> bilete av katt, get the picture?
Sumarferie er tid for prosjekter og det har eg tatt nytta av. Ikkje det heilt store prosjektet vel og merka, men no er det hvertfall gjort. Eg har i lengre tid hatt nokre fine vegg-klistremerker liggande i skapet, dei har eg no hengt opp på den ellers så stygge skapdøra mi. Hurra, så fint det blei!
~Mymlen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar