Me var heldige og fekk sitte ved sia av kvarandre, me tok akkurat ei rekkje i flyet sidan me var seks personar. Eg og Aimee, som dei to einaste jentene fekk sitte ved vindauga, hehe.
Eigentleg skulle me sove på eit hotell ved namn Büyük Hotel, men reiseselskapet vårt, Nazar ringde meg på avreise dagen og informerte oss om at standaren på dette hotellet ikkje stemde med det som vart lova oss og me kunne difor få skifte til Oba Star Hotel & Spa. Me er kjempenøgd med Nazar som faktisk sjekkar opp i standaren på hotella dei tilbyr og sørger for at me får bytte dersom det ikkje er eit godt hotell å bu på. Som du ser er Joar mindre god til å posere, men hotellrommet var fint uansett.
Det var veldig fint og ikkje minst reint, bassengområde med sklie og lett tilgong til resturang, bar-café, frisør, leikerom og Spa-senter. På kvelden vart bassengområde omgjort til ute-resturang og var opplyst av led-lys i fargar som skifta. Som du ser, var det også led-lys i taket i gangane. Det må også nevnast at dersom du ikkje er glad i støy til to om natta er det ikkje eit hotell for deg. For oss som er unge og ikkje brydde oss særleg med dette gjekk det heilt fint. Eg ville sagt at Alanya er ein stad for unge folk som er på farta, men på hotellet me budde på var det både familiar med små born og eldre par.
Eg trur det var eg og Magnus som sat mest pris på 45 grader og sol, andre trakk seg litt oftare tilbake i skuggen. Ein viss Mr.Torkelsen var nærare like kvit då han reiste heim igjen, det kan vera fordi han smurte seg på det meste fem gongar med solfaktor 50 på ein dag. Eg for min del haldt meg til 30 og ned til 20. Dersom du nokon gong reiser til Alanya kjem du nok til å sette like stor pris på vannmelon-mannen som eg gjorde. Ellers åt me for det meste medbragt lunsj då me var på stranda, for caféane der var dyre.
Den aller første drinken eg bestilte meg heite Big Dick og eg reknar med at du forstår greia. Den smaka ikkje særs godt, men var ei oppleving i seg sjølv. Me fekk hvertfall med oss at kelnarane syns det var stas at nokre bestilte denne drinken. (Dei tør ikkje innrømme det, men det gjorde jammen gutane i vår gjeng óg).
Me var innom mange gode og nokre dårlege resturangar. Den resturangen eg likte best var ein som heit Cubana, dei hadde kjempegod mat, to-for-ein drinkar, god underhaldning, god service og gratis Pick-up-service. Den beste cafèen eg vil nemna heit Pause (bilete ovanfor). Du er nødd til å prøva ferskpressa juice, men husk å spør etter isbetar.
Sjølvsagt hadde me ein tur på byen og to. Ein kjekk kveld eg hugsar godt er den me hadde saman med Jon Arne og Maria ved bassenget, då spelte me kortskalle (i vaksenversjon) ut i dei lange timar. Kanonkjekt (!) men me var litt trøtte i trynet dagen derpå.
Me hadde mange artige dagar der nede i den varme austen. Ein av dei mange dagane me shoppa vart me kjende med to hyggelege kjøpmenn på ein vannpipe-butikk. Der gjorde eg eit godt kjøp av ei vannpipe samt tobakk (ta det med ro, frukt-tobakk utan nikotin) og kull, eit par tyrkiske tøflar og to vakre lanterner til ho mor. Med på kjøpet fekk eg ei fin lita notatbok. Me tok oss ein liten ridetur på ein kamel og vart godt kjend med papegøyen på vår faste daglegvare-forretning. Dei som har fått kort av meg skal veta at det var her eg kjøpte dei.
Den herlegaste dagen eg hadde der nede var bursdagen min, den 17. juni. Dagen føre traff me på ein mann på gata som solgte utflukter. Me var litt skeptiske på kvaliteten, men han lovde oss gull og grøne enger, så me slo til å bestilte Hamam, på godt norsk tyrkisk bad. Eg som i forbifarten nemde bursdagen min var heldig; mannen ville spandere på meg. Ein heil dag med velvære passa bra for ei jente som fyller 19 år. Hamam innebar: sauna og steam for å skille ut giftstoff i huden, deretter jacuzi for å kjølast litt ned. Gjengen min song for meg og personalet song med og kom med kald øl til oss.
Me blei sendt vidare inn i det tyrkise badet. Det er eit fliselagt, dampande rom med eit platå i midten og benk langs alle veggane. På benken er det mange vaskar med flotte kranar plassert med jamne mellomrom langs heile rommet. Du kan sitte på platået eller på benken og vente på å få behandlinga di. Det står tyrkiske skrubbarar og tar ein etter ein med skrubbehanske. Då dyppar han hansken sin i ein vask med ei spesiell tyrkisk såpe som fjernar død hud, deretter skrubbar han laus. Det skal visst vera ein god idé å gå på Hamam i starten av opphaldet, då vil brunfargen bli jamnare og det skal ikkje vera så lett å bli brend. Etter skrubb sendes ein vidare til ein mann med ein linpose. Den vert dyppa i same såpevatnet før den vert kasta rundt i ring. Når ein deretter drar til i posen flaumer det litervis med skum ut av den og over kroppen. Så vert skummet massert inn i huda, det er såå deilig. Minuset med denne delen er at alle andre kan sjå deg.
Då me var ferdigskrubba og -skumma fekk me på oss varme handklede og eg for min del vart til og med tørka av ein søt gammal mann. Me blei sendt inn i eit avslappingsrom med liggestolar og eit utval av kald drikke og ei dame smurt oss inn med ansiktsmaske. Der fekk dei nok ein gong med seg at eg fylde år, difor fyrte dei opp ei vannpipe til oss. To eldre tuppelurer frå Ålesund lurte på om det var hasj, då me forsikra dei om at det berre var frukt-tobakk fniste dei litt og fekk prøve eit trekk. Heilt til sist fekk me ein stor bolle med ein eigenkomponert drink dei likte å kalla Sex on the Hamam.
På kvelden overraska kjæresten min meg med god (og dyr!) champagne, den spretta med i godt lag før me gjekk ut for å eta. Me åt på ein fin resturang som høyrte til hotellet. Kelnarane fekk med seg at det var ein jubilant blant oss, plutseleg sette dei på ein heilt crazy og teit Happy Birthday song og kom springande på rad og rekke heile gjengen med kvar sitt stjerneskudd. Hovmesteren kom med ein (veldig sterk) drink til meg. Utover kvelden blei me meir og meir livlege og me dansa til langt på natt inne på nattklubben Robin Hood. Det var ein forholdsvis dyr plass som låg midt i fest-sentrum, men supergøy!
Ovanfor kan du sjå champagne-korken og eit fint smykke med swarowski-stein som eg fekk av goingen. Det er ein liten krabbe. Apropo krabbe - utflukt nummer to, som eg set skikkelig god pris på var båtturen, som me også bestilte hos mannen i gata. Me vart henta klokka 9.00 på hotellet av ein jeep som tok oss til Alanya havn. På vegen fekk me god utsikt til Red Tower, som er ein borg-formasjon som kan minne om den kinesiske mur. Me var ein av dei første som ankom båten og fekk difor den beste plassen, der me kunne velje mellom skugge og solskinn.
På veg ut av havna fekk me sjå fine ruiner av forskjellige gamle historiske greier som eg ikkje vil legge ut bilete av, for kamera fangar ikkje opp dei fine detaljane som er verdt å sjå. Me segla óg forbi mange andre båtar, som du ser var nokon litt meir vågale enn andre. Etter ei stund stoppa båten opp og dei som ville kunne ta seg ein dukkert. Me hoppa frå ripa mange gonger før me vart leie, nett som små ungar igjen! Eg ser uforskammeleg kvit ut på dette bilete, men eg var faktisk liitt brun.
Etter ei stund stoppa båten opp igjen, denne gongen var det lov å hoppe ut i og symje over til ei hole som vart kalla Lovers cave. Det var ein lang fjell-klippe som var mange kilometer lang, men det var berre 40 meter igjennom til andre sida. Eit personal frå båten kunne då bli med frivillige over til Lovers cave for å gå over medan båten seilte rundt. I og med at bølgene var skremmande store den dagen var det ingen som ville vera med. Me slikka sol på båten over til andre sida der den gale mannen venta. Som ein del av underhaldninga på båten skulle han stupa frå klippen. Trykk på bileta så blir dei store.
Det var to personar som var ansvarlege for underhaldning, to brødre som var heilt hyperaktive. Først balanserte bror 1 heile 10 glas på hovudet til tross for at det var bøljer og båten slett ikkje sto i ro, deretter guffa dei tyrkisk musikk og fekk oss med på å dansa. Det såg mest synleg ut som om heile gjengen hadde teke seg ei øl og to, for det båten rugga at og fram, det er heilt utruleg at eg ikkje endte opp i fanget på nokon av dei bak meg. Du ser meg i blå shorts og Magnus i gul.
Etter ein lang dag i sola var det himmelsk å få mat. Me var ganske nøgd med at middag var inkludert i prisen me betalte for heile turen. På bilete ser det kanskje noko primitivt ut, men eg trur kansje det var noko av det beste eg åt heile turen. Det smakte skikkeleg heimelaga, litt tyrkiske krydder kanskje. På resturangar var det nesten berre mogeleg å bestilla vanlege internasjonale rettar eller doner-kebab, difor var det godt med litt andre smakar.
Etter mat, stoppa me på tre andre plassar; ved eit gammalt skipsrederi frå 1800-talet som den tyrkiske keisaren eigde, ved ei bortgøymd lita strand me kunne få symje inn til (Paradise Beach) og ein stopp for å sjå på piraja. Me speida etter delfinar, samt me hadde enda fleire badestoppar óg. På veg heim dingla me alle lykkeleg med beina utfor ripa, akkurat då sakna eg ikkje Norge litt ein gong.
Den siste herlege store utflykta me hadde var rafting i ei elv langt oppe på fjellet i langtvekkistan. På veg der til fekk me sjå kor primitivt mange tyrkarar lever. Ein dag, når eg har tid, skal eg scanne inn bileta eg kjøpte frå raftinga og legge dei ut, for dei var skikkeleg fine. Me gjorde dette saman med Maria, Jon Arne og Karianne, men Aimee og Tor Haakon var ikkje med. Denne dagen var minst like vellykka og maten var nok ein gong god, tilfeldigvis heimelaga den óg.
For å overleve den lange og utanomjordisk varme bussturen tilbake til flyplassen trong eg ein dritsalt chips, mange tusen liten vatn og litt søvn i fanget til kjæresten min. Me hadde ein heil mini-buss for oss sjølv, heilt til det kom nokre sure og teite sogningar som kjefta og smelte, dei kvessa seg heise over kor dårleg engelsk tyrkarane snakka, det høyrtes ikkje ut som om dei hadde hatt ein bitten kjekk ferie. Gledesdreparar! Heldigvis hadde me ein fin tur, berre dumt eg blei så forferdeleg dårleg på vegen heim.
Neste gong eg reiser trur eg heilt ærleg at eg vil velje Kreta eller Spania. Eg likte veldig godt Tyrkia som eit land å reise til saman med venner for å farte rundt og oppleve ting, men Alanya var ikkje ein særskild fin by. Neste gong vil eg oppleve hovudstaden, Istanbul, eg ser for meg at der er det ikkje så "jalla", kanskje meir moderne og litt mindre innpåslitande seljarar (men eg hadde trudd det skulle vera verre). Uansett: eg storkoste meg!
~Mymlen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar