søndag 21. mars 2010

Congratulations and celebrations

Nok ei helg, nok ein fest. På laurdag fylte Joar 19 år, difor tok eg ekstra godt vare på han. Eg sto opp lenge før fuglane feis for å laga sjokoladekake og kort til han, samt lage frukost. KVarme ferske baguettar, kokt egg og nypressa appelsinjuice tilfredstiller dei fleste, også Joar. Legg merke til bursdagshelsinga på hjartelappen.


Me nøyt dagen, tok livet med ro og lada opp til eit betre måltid på Big Horn med Magnus pluss Ørjan som inviterte seg sjølv, samt samankomst med alkohol inni biletet på kvelden. Det var heilt nydeleg med biff, eg hadde nesten gløymt kor godt det er, uheldigvis hadde eg på meg hakket for stram bukse den kvelden.



Etter eit glas og to bestemte me oss for å tura ned til Arena, der det skulle vera konsertar den kvelden. Fattige studentar som me er, prøvde me oss på eit påteikna stempel, og gjett (!) det virka, vakta ensa oss ikkje ein gong. På Arena møtte me eit par kjenningar me prata litt med, der i blant Camilla. Ho vart med opp til meg igjen då Aimee, Tonje, Hanne og Magnus ikkje orka å stå ute i kulda lengre. Det blei endo litt meir pludring før me fant sengene.



I dag har vore den verste dagen i festing si historie. Det er ein liten mann inne i hovudet mitt som hamrar på augeballane mine og det kjennes ut som det er eit par tordenskyer og. Me smakte litt på kaka også, for eg fann ut at den ikkje passa heilt saman med vin og øl, den var ganske mektig. På Coop fant eg nokre tøffe kakelys som hadde same farge på flammane som på lyset! Joar fell sjølvsagt for dei og funderte på korleis dei verka. Resten av dagen har eg budd i kosedressen min og på sofaen i lag med eit glas med vatn.


Bursdagsbornet samla inn heile 1600 kroner frå oss vener. Alt i alt trur eg Joar storkoste seg og det var det eg ville oppnå, men setlabokjo mi skrike etter mat no, eg har brukt godt over månaden si kvote for denne gongen. Håpar det er lenge til neste kjenning sin bursdag. Neste helg skal eg ta det kraftig med ro, då er det jo påskeferie og, heilt vidunderleg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar