Grunna foten meldte eg meg på ein skogstur i staden for, der skulle me kosa oss med god mat og varm drikke, aking og leik. Eg møtte så staselig opp på skulen i stilongs og skijakke og trudde eg skulle få gå meg ein fjelltur i dag, men nei, det var så dårleg vêr at det ville ikkje lærarane ha noko av og snø er det heller ikkje lengre. Dei heiv alle 31 personane som ikkje for til Røldal inn i gymsalen. Før frukost pausen dansa me linedans, ikkje alle som hadde like god dansefot, men me lo og koste oss, nokon av oss iallefall.
Medan eg åt, funderte eg på kva for kjekke aktivitetar og ballspel me skulle i ha etterpå, då eg kom inn igjen etter pausen vart eg møtt av vekter, matter og kjegler, etter oppsettet å lesa var det styrketrening me skulle ha! Eg må innrømma at hjarta sank litt i brystet, men pytt, då får eg treningsøkta på skulen i staden for. Den eine delen gjekk ut på stabilisering og balanse og den andre på rein styrke og uthald. Eg peiste skikkelig på, eg blei litt kry då eg klarte å ta knebøy inntil veggen med Magnus på fanget.
Då lunsjpausen endeleg kom var eg pest, Magnus fekk meg til og med til å ta litt benkpress. Hehe, det høyrtes staseleg ut, men eg tørr ikkje sei kor lite eg tok. Eg hadde pakka ei herleg niste til turen eg trudde eg skulle gå, ikkje berre herleg mat, men ein nydelig fin termos og ein matboks. Begge deler er kjøpt på Fem Høns, termosen på dekkekveld og matboksen fekk eg av søte Camilla til jul.
Eg fekk på ein måte turen min likevel, på slutten av dagen, som ei avrunding på økta, gjekk me ein tur rundt Vestbøstad. Nokre var så sporty at dei jogga men eg veit betre, eg må ta vare på ankelen min. Eg gjekk saman med Magnus, me snakka om alt mogeleg me såg langs vegen. Til dømes mimra me litt frå ungdomsskulen då me passerte Rimbareid skule og eg om det fine kvite dokkehuset på andre sida av vegen, "sildahuset" så det heiter. Der budde eg med mammo og pus ei stund før me flytta til sørlegare strøk (på øyo). Då me hadde komt halvveg skjedde det noko rart, plutseleg streika ankelen min totalt. Eg hinka rundt og styrte på. At eg blæra mi nesten sprengte gjorde ikkje saken noko betre. Eg gjekk så fort helsa tillot meg heim til pappen min som bur i Vestbøstad feltet, der fekk eg gjort mine forretningar på toalettet og etterpå var han så grei at han kjørte meg og Magnus tilbake til skulen. Då eg kom heim tok eg ein ibux og sovna på sofaen.
I dag kan eg ikkje skjønna anna enn at eg har dekka dagsbehovet med trening, herlig! (samt smerte og søvn i grunn)
M~
I dag kan eg ikkje skjønna anna enn at eg har dekka dagsbehovet med trening, herlig! (samt smerte og søvn i grunn)
M~
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar