søndag 3. oktober 2010

I dag er det søndag på ekte. Ein søndag der ein vaknar sånn passe tidleg for så å sove vidare (sjølvsagt draumer du noko kjekt dei ekstra timane), ute er vêret grått med litt regn og du kan vera inne heile dagen sidan du uansett ikkje har planar.


Eg, til dømes, brukte min dag passe fornuftig; eg låg lenge i senga og sov over frukosten med vilje. Eg var veldig bekymra for at dei hadde hatt rundstykker og kokte egg til frukosten som eg gjekk glipp av, men ryktet på street'n seier heldigvis noko anna. Etter middagskvilen (oksesteik, Y to the EAH) peiste eg og Camilla opp i spinningrommet ein times tid.. forgjeves. For gjett kva det var til kaffimat. Oreokake. DRITGOD oreokake. Er det rart statestikken seier at gjennomsnittseleven legg på seg 7 kilo etter FHS?


Ja, eg har det i grunn ganske fint her på Solborg. For augenblinken er det berre Klær, Mote & Design, Multisport Pluzz, Kreativ Kunst, Adventure og Film & Media som lagar liv i leiren, for heile Globale Village linja (Foto, Fotball og Connection) er i Etiopia, Afrika. I morgon reiser Film & Media og Kreativ Kunst til Oslo, medan Multi og Adventure skal gjera forskjellig friluftsliv-greier til veka, dette forlet oss på KMD ganske einsame igjen. Men det går eigentleg heilt fint, for me skal ha linjeveke. Det vil sei at me har linjefag (tekstil og saum) i alle timane! Pluss at det kjem ei fargeanalyse-dame til oss for å fortelje kvar og ein kva for ein farge ein kler best.

Treng du ny toalettveske? (henviser til bilete)

~Mymlen

2 kommentarer:

  1. Eg har statistikk på mykje, men har ikkje kome på å vega elevane ved skulestart og skuleslutt. Men det skal eg sjølvsagt gjere frå no av. Og med Pizza og Cola i kantina så tvile eg på dei er lettare på slutten av skuleåret... Elles ein kjempeflott blogg du har, skikkelig kjekk å lese.
    -ff

    SvarSlett
  2. Så bra! Du må lagre bloggen min på favorittar, hehe :-) Du skal ikkje sjå vekk i frå at statistikken visar nokre kilo ekstra, nei.

    SvarSlett