fredag 6. august 2010

Kva skal ein stakkar gjera

Heiheihallo. Eg har litt skrivesperre for tida. Difor blir det ikkje innlegg på rad og rekke. Sidan orda ikkje strekker til, legger eg ut nokre bilete som eg har teke i hist og pist. Eg har litt hobby-fotograf-nykker i meg av og til. Når eg har peng skal eg oppgradera kamera mitt.




Sidan Joar er kjærasten min, blir han ofte offer for linsa mi. Han er ikkje alltid like nøgd, men eg seier; han er jo søt, så det går bra.




Insekt er artige. Dei er så små, difor er det gøy å zooma som berre juling. Då ser ein betre kor ekle dei er. Mot all mi vilje må eg innrømma at bileta blir stilige.




Denne ekle karen budde i utelykta vår i Apalvegen (Ja, me varnabo med sjølvaste Donald Duck, som bur i nummer 111).




Haustdagar er sjølvsagt ein av favorittane. Resultatet er ofte veldig fargerikt.




Når dei første rimflaka dukkar opp er knipsefingeren min parat. Då ventar eg berre på snøen.




Og snøen kjem. Nokre år. Sist vinter kom den så heise at eg vart lei. Men fin er den, som eit reinsande teppe (til bilane kjem..).




Det blir etterkvart vår på vestlandet óg, dei dagane sola smilar set eg og kamera mitt pris på.




I slutten av mai måned, når skuledagane vert lange og keisame, då er det snart sumar. Goingane kan ligga ute i berre body å sjå på spennande ting med store blå auge.

~ Mymlen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar