mandag 4. oktober 2010

Oi, litt seint!

Men eg legg inn eit innlegg i full fart før eg legg meg. I dag har vore ein ganske bra dag. Som sagt har me linjeveke og skal sy kvar dag. Eg har komen 50 cm på Marius-genseren min OG fullførte mitt første skikkelege plagg på sysalen; katte-genseren. Den er varm brun og fuksia, men særs dårleg bilete.


Og nei.. eg har ikkje klypt meg kort, har vore sporty i symjehallen og har difor teit klistrehår inne i hetta. Til tross for at eg er kjempenøgd kjem dette antakelegvis til å bli eit koseplagg og ikkje til allmenn skue. Eg er forresten glad for at ikkje saumane viser..


Eg må sei ein ting til før eg legg meg som eg er ganske gira på; det var ei superflink dame hos oss i dag som driv med fargeanalyse! Ho utdanna seg i Houston, Texas og har dreve på med dette i 25 år til saman blant anna arbeid. Ho fortel ikkje kva fargar du ikkje passar, men kva nyansar. Ein varm lilla kan gje deg gufsne kinn medan ein kald nyanse kan gje deg glød. Kjempespennande å sjå ho i aksjon. Ho trong ekstra tid på meg, så ho valgte å ta for seg meg på torsdag. Eg trur det har noko med det raude håret mitt. GLER MEG!

~Mymlen

1 kommentar:

  1. Så utrulig flott blogg du har Christine! Har ikkje kommentert den før men no syns eg det var på tide:) Kjempestilig kattegenser du har laga, du er flink! Gleda meg til lille My kjem heim ;)
    klem fra mamma

    SvarSlett