tirsdag 25. mai 2010

Sjukdom og shopping

Utenom ei fyllasjuke og to har denne måneden har vore ganske fornøyelig, men ikkje i dag, nei. Eg har hatt ein merkeleg versjon av beigen. Magen har vore heilt på styr, kjempevondt og kjempekvalm. Heldigvis hadde eg Joar heima med meg, det hjalp. Til tross for at eg brukte store delar av dagen i fosterstilling på sofaen, har eg hatt gode periodar, og sidan magen min ikkje skreik så høgt akkurat då Joar skulle til Heiane å sjå på ny telefon, så blei eg med (han kjøpte seg HTC Desire).



Det første som møtte meg i døropningen på Heiane var eit kjekt stativ som sa: Alt - 200 kr, og stativet var fult av kjolar, hurra! Eg prøvde tre heilt like ballongkjolar med naglebelte, berre ulike fargar. Deretter prøvde eg ein kvit sommarkjole. Til slutt prøvde eg ein stripete med sølvbelte og sløyfespenne og DEN fell eg for. Uheldigvis fekk eg ballongrumpe og det er teit.



Trist for at kjolen ikkje passte min figur, hang eg den tilbake. Det var då eg såg det. Stativet. Der hang eit skjørt med navnet mitt på, heilt likt som kjolen, berre skjørt versjon. Enda betre: ein kunne velge to ting for 150 kr, då blei det skjørtet og ei marine-inspirert trøye, sjølvsagt kvit-blå-stripet og sjølvsagt gullknappar. I tillegg fant eg meg ein enkel kvit singlet.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar