Men eg må berre få sei at det er noko av det beste eg har vore med på til no. No legg eg russeboksa, russehatten og øl-bag'en min på hylla i skapet. Ein dag eg får tid skal eg legge ut bilete og ei lita liste over russeknutane eg rakk å ta. Ja, for ein måned går faktisk ganske fort.
Mitt nye og betre liv starta i går: eg drakk vatn heile dagen, trente i tre timar og gjekk på besøk til bestemor. Lurer på kor lenge det varer denne gongen? Uansett, så vart eg invitert i bursdag til Marte i klassen min, ein positiv overraskelse sidan ho er superkjekk. Hurra for Marte! Det praktfulle antrekket ovenfor skal eg ha på meg i kalaset til Marte. Cherrylishious liksom.
Det er eit fenomen eg synst er veldig mystisk, nemleg det fenomenet som fungerar slik at kvar gong eg skal lesa til prøve kjem eg på noko som er heilt naudsynt å gjera. For eksempel i dag, då eg skulle lesa til eksamen i norsk hovudmål, kom eg på at eg hadde ein beltehengar i skapet. Den ville eg jammen meg henga opp! Eg tok meg god tid til å henge alle på, dermed tok eg mesteparten av igjen og bestemte meg for å berre ha dei tjukke beltene og øyredobbane der. Etterpå tok eg sykkelen min fram i sola og sykla ein tur til butikken for å kjøpa forfriskningar til i morgon. Det trur eg er det næraste eg kom norskfagleg eksamen i dag. God natt!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar