onsdag 21. juli 2010

Blogg for resten av veka

Hei sveis. I går skjedde det noko keisamt då eg skulle kasta meg framover frå ein stol for å nå noko. Som nokre av dåke veit, satte eg skuldera mi ut av ledd då eg spelte basket i haust og det minnes eg med gru. Eg håpte at eg alder kom til å kjenne den følelsen igjen, men i går beit eg i det sure eple. Skuldera poppa lett som berre det ut av ledd og nok ein gong må eg gå med armen i fatle. Altså, den poppa tilbake av seg sjølv eit par sekund etterpå heldigvis, så eg slapp å sovne i ei sjukeseng i morfinrus.


Dette er eit bilete frå haust, men fatle er med meg no og, men ikkje heile tida sidan det ikkje var ute av ledd så lenge som sist. Det som er så fryktelig ergerlig er at no er leddkapselen øydelagd på nytt, eg kjenner enda betre at det ligg ei nerve i klem i ny og ne, samt senane må vel stramast dersom det skjer ein eller maks to gonger til. Og eg vil ikkje ha fleire opreasjonar enn naudsynt. No er det supergod tid til å blogge i alle fall.



Eg må forresten vise deg kva eg kjøpte meg her om dagen; ein skjortekjole (Only), superfint belte (Only), trøyevest, stort perlekjede og finfine pumps (Økonomisko). Skjorta skal eg ha på meg på Muse-konserten som er PÅ FREDAG! Sist konsert tok eg tog heim frå Oslo og blei dausjuke med det legane trur er svineinfluensa. Håpar på betre lykke denne gongen utan sjukdom og ikkje for dårleg skulder (må jo kunne digge).




Eit anna tidsfordriv eg har no medan eg er handicap er å sjå gjennom bilete og kikke på alle tingene eg fekk for ein billig penge i Tyrkia. Til dømes eit kryddersett (til og med safran!) med alle mogelege krydder, pluss ei krydderkvern. Boka på bilete er ein presang, eg kan ikkje sei kven til. Då me ankom hotellet fekk me eit blått band på handledde for at dei skulle sjå at me allereie budde der kvar gong me gjekk inn i resepejsonen. Ein dag eg var på stranda hadde eg med meg ei lita krukke med sand heim på rommet. Typisk meg.



Herligheten ovanfor fant eg på det svære IKEA-liknande supermaredet i Alanya - METRO. Eg betalte 40 kroner for det, noko eg syns er billeg. I alle fall samanlikna med kva det gjer tilbake. Mmmm. Der kjøpte eg og små hjarteforma steikeformer, slik at ein kan lage små hjartepaiar eller muffins eller liknande. Kjempesøte! Då eg støytte på ein stor pakke med sjokolade skeier til å røre i til dømes kakao eller liknande, måtte eg sjølvsagt kjøpe dei og. Halvparten lys sjokolade og halvparten mørk. Akk ja.




Eg klarte jo ikkje dy meg. Dersom du har lest tidlegare innlegg så la eg handa på hjarte for at eg ikkje skulle kjøpe klede og sko i Tyrkia. He - he - he. Dummaste eg har høyrt. Eg kjøpte sjølvsagt litt klede og eit par med sko, samt ein kjempesøt solhatt. Ei veske fekk eg drege med meg heim, den kvite kjøpte eg då eg var i Tallin. I Tallin kjøpte eg og ein parfyme eg likar skikkelig godt. Nina Ricci, som ser ut som eit lite rosa eple. Litt søt, men likevel frisk lukt av citrus, eple og vanilje, heilt herleg.




På METRO gjorde mange gode og billige kjøp. Dersom eg ikkje er diva i den henrivande morgonkåpa eg kjøpte der, nei, då veit ikkje eg. Leopard-mønstra som ho er. Seinast i dag sat eg å koste meg i morgon/badekåpa mi etter ein lang dusj, der sat eg i sofaen å spelte det nye Sims 3 World Adventures spelet som eg også kjøpte på METRO, snakk om sola. Mens eg eigentleg var på jakt etter mellomleggspapir, så fant eg med óg ein bikini. Og den er, hald deg fast, ferskenrosa. Eg er ikkje begeistra for den fargen. eigentleg. Men etter at eg kjøpte meg den bikinien har eg faktisk fått litt sansen. Den er litt Pink James Bond'ish.




No kjenner eg det at skuldera mi verken ein del og Joar kom i tillegg nett heim frå jobb. Eg må finne på noko digg å eta til middag. Har du forslag kanskje? Helst noko med lite karbohydratar. Helst. Men aller helst har eg berre lyst å gå ut å eta kinamat eller kebab eller noko anna usunn mat. Fakerten óg.

~Mymlen

2 kommentarer:

  1. Stilig veske i nude fra Tallin! Det ligger en fin og elegant glans over den og veskefasongen er interessant og litt uvanlig. Fulgte det morsomme lille dyret med?

    SvarSlett
  2. Ja, ikke sant? Den var litt annleis, den formen der. Ja, dyret fulgte med, det var nok det eg fell for :)

    SvarSlett