torsdag 5. august 2010

Kort og kalas

Hei igjen. Som du mest synleg kan sjå, har eg fått meg ny header. Her på øya er det så haustleg at eg ikkje kunne ha den sommarlege, lyse header'en lengre. Den eg har no viser nokre av dei tinga på rommet mitt eg set mest pris på, då er sjølvsagt den raude leppe-telefonen min med. Babushka-dokka fekk eg av pappen min då han hadde vore i Holland, for når han reiser kjøper han alltid ei dokke med frå det landet han har vore i. Det har han gjort så lenge eg kan huske. Mummikoppane treng ingen forklaring, dei er berre kjempesøte!!



Både på mandag og tirsdag stakk Line innom etter jobb for å lage dåpskort og kjæreste-bursdagskort. Det er greit å ha ei veninne med til litt veileiing angåande sistenemde. Det rosa kortet er sydd utanpå og pynta med glitter og klype, medan det er sølvspray'a inni.



Gullkortet er gullspray'a og pynta med raude hjertepaljettar og tekst i ståltråd, meininga med dette kortet er at ein gull-kjærast skal få ønska sine oppfyld. Det kan bli spenannde. Dåpskortet brukte eg laang tid på. Det er bygd saman av mange små papirbitar som til saman dannar ein liten babygut. Dersom det blir litt action frå Tor Egil si side, skal eg laga eit slikt artig kort til han og Kristine óg. (Håpar Tor Egil les dette).

No skal eg berre lage litt middag, deretter blir det fisketur med Line!

~ Mymlen

2 kommentarer:

  1. Snakke me kreativ kveld i denne veka? Meget kjekt å lage kort og stas :D
    Og, eg vil fiske.
    -Line

    SvarSlett
  2. Jaa, me burde ha fleire slike kveldar no som me skal bu så nære og greier!
    Gler meg :-)

    SvarSlett